Tilbake til aukra.kommune.no

201403 Reguleringsplan Julsundet sentrum, samla plan

Vedteken i k-sak 33/15 den 07.05.2015

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12, har Aukra kommunestyre i møte den 07.05.2015, sak 33/15, vedteke Reguleringsplan Julsundet sentrum, samla plan.

Interesserte kan gjere seg kjent med dokumenta på fylgjande stader:

  • Kommunehuset
  • Aukra folkebibliotek
  • Kommunen sine heimesider

Kommunestyret sitt godkjenningsvedtak for denne reguleringsplanen kan påklagast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal innan 3 veker etter denne kunngjeringa, jf. plan- og
bygningslova § 1-9 og forvaltningslova kapittel VI.

Krav om erstatning etter § 15-3 og innløysing etter § 15-2 i plan- og bygningslova må settast fram seinast tre år etter denne kunngjeringa, eller seinast tre år etter at eventuelle byggverk er fjerna.

Klagen skal være grunngjeven og skal sendast til: Aukra kommune, Aukraringen 25, 6480 Aukra eller post@aukra.kommune.no.

Saksdokument
Særutskrift (saksframlegg med vedtak)
Plankart
Planomtale
Føresegner
Støyvurdering etter T-1442
Skisseprosjekt Julsundet skole
Innkomne merknader etter offentleg høyring

 

Høyringsperioden er avslutta. Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.

Send skjult innspel

Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.

Plankart Julsundet sentrum, samla plan

Plankart Julsundet sentrum, samla plan