Tilbake til aukra.kommune.no

201409 Reguleringsplan for Rothaugen industriområde

Vedteke i k-sak 83/14 den 16.10.2014

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12, har Aukra kommunestyre i møte 16.10.2014, sak 83/14, vedteke Reguleringsplan for Rothaugen industriområde.

Interesserte kan gjere seg kjent med dokumenta på fylgjande stader:

  •  Kommunehuset
  •  Aukra folkebibliotek
  •  På kommunen sine heimesider

Kommunestyret sitt godkjenningsvedtak for denne reguleringsplanen kan påklagast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal innan 3 veker etter denne kunngjeringa, jf. plan- og bygningslova § 1-9, og forvaltningslova kapittel VI.

Krav om erstatning etter § 15-3 og innløysing etter § 15-2 i plan- og bygningslova må settast fram seinast tre år etter denne kunngjeringa, eller seinast tre år etter at eventuelle byggverk er fjerna.

Klagen skal være grunngjeven og skal sendast til: Aukra kommune, Aukraringen 25, 6480 Aukra eller post@aukra.kommune.no

Saksdokument
Særutskrift (saksframlegg med vedtak)
Plankart
Planomtale
Føresegner
Innkomne merknader etter offentleg høyring

 

Høyringsperioden er avslutta. Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.

Send skjult innspel

Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.

Plankart for Rothaugen industriområde

Plankart for Rothaugen industriområde