201502 Reguleringsplan Nerbøstrand
Vedteke i k-sak 78/15 den 17.09.2015
I medhald av plan- og bygningslova § 12-12, har Aukra kommunestyre i møte 17.09.2015, sak 78/15, vedteke Reguleringsplan Nerbøstrand.
Interesserte kan gjere seg kjent med dokumenta på fylgjande stader:
- Kommunehuset
- Aukra folkebibliotek
- Kommunen sine heimesider
Kommunestyret sitt godkjenningsvedtak for denne reguleringsplanen kan påklagast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal innan 3 veker etter denne kunngjeringa, jf. plan- og
bygningslova § 1-9 og forvaltningslova kapittel VI.
Krav om erstatning etter § 15-3 og innløysing etter § 15-2 i plan- og bygningslova må settast fram seinast tre år etter denne kunngjeringa, eller seinast tre år etter at eventuelle byggverk er fjerna.
Klagen skal være grunngjeven og skal sendast til: Aukra kommune, Aukraringen 25, 6480 Aukra eller post@aukra.kommune.no.
Saksdokument |
Særutskrift (Saksframlegg med vedtak) |
Plankart |
Planomtale |
Føresegner |
Innkomne merknader etter høyring |
Planar som skal opphevast |
Høyringsperioden er avslutta. Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.
Send skjult innspel
Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.