201604 Reguleringsplan Nyhamna gassanlegg - melding om nytt planvedtak
Bakgrunn for nytt planvedtak
Aukra kommunestyre vedtok i møte den 19. juni 2018 i sak 37/18 å eigengodkjenne detaljregulering for Nyhamna gassanlegg. Fylkesmannen i Møre og Romsdal varsla deretter oppheving av vedtaket, på grunn av at motsegner ikkje var tilstrekkeleg avklarte. Aukra kommune og fylkesmannen kom til einigheit om ei løysing, og dei trekte seinare motsegnene til planen. Som eit resultat av dette måtte Aukra kommunestyre eigengodkjenne saka på nytt. I medhald av plan- og bygningslova § 12-12, har Aukra kommunestyre i møte den 09.oktober 2018, sak 72/18, vedteke reguleringsplan for Nyhamna gassanlegg på nytt.
Saksdokument
Klage og krav om erstatning
Kommunestyret sitt godkjenningsvedtak for denne reguleringsplanen kan påklagast til fylkesmannen i Møre og Romsdal innan tre veker etter denne kunngjeringa, jf. plan- og bygningslova § 1-9, og forvaltningslova kapittel VI.
Krav om erstatning etter § 15-3, og innløysing etter § 15-2 i plan- og bygningslova må settast fram seinast tre år etter denne kunngjeringa, eller seinast tre år etter at eventuelle byggverk er fjerna.
Klagen skal være grunngjeven, og skal sendast til Aukra kommune, Eining for tekniske tenester, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra eller post@aukra.kommune.no
Høyringsperioden er avslutta. Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.
Send skjult innspel
Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.