Tilbake til aukra.kommune.no
Klagefrist 16.07.2018

201604 Reguleringsplan Nyhamna gassanlegg - melding om planvedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12, har Aukra kommunestyre i møte den 19.06.2018, sak 37/12, vedteke reguleringsplan for Nyhamna gassanlegg.

Plandokumenta er tilgjengelege på fylgjande stader:

  • I resepsjonen på kommunehuset
  • På kommunen sin planportal (www.aukra.kommune.no – Planar og høyringar – Siste vedtekne planar – Reguleringsplan Nyhamna gassanlegg)

Kommunestyret sitt godkjenningsvedtak for denne reguleringsplanen kan påklagast til fylkesmannen i Møre og Romsdal innan tre veker etter denne kunngjeringa, jf. plan- og bygningslova § 1-9, og forvaltningslova kapittel VI.

Krav om erstatning etter § 15-3, og innløysing etter § 15-2 i plan- og bygningslova må settast fram seinast tre år etter denne kunngjeringa, eller seinast tre år etter at eventuelle byggverk er fjerna.

Klagen skal være grunngjeven, og skal sendast til Aukra kommune, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra eller post@aukra.kommune.no

 

Saksdokument

Særutskrift (saksframlegg med vedtak)

Plankart

Føresegner

Planomtale

Inkomne merknader etter offentleg høyring

 

 

Høyringsperioden er avslutta. Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.

Send skjult innspel

Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.

bilde til heimesider nyhamna