Tilbake til aukra.kommune.no

Bruksendring

Bruksendring er å ta eit areal eller bygning på eigedomen din i bruk til noko anna enn kva det er godkjent til, for eksempel bruksendring av kjellar og loft til eigen bueining. Bruksendring er søknadspliktig.

Dersom du ønskjer å bruke arealet til noko anna enn det er regulert til, må du også søkje om dispensasjon frå reguleringsplanen. Dette kan eksempelvis vere bruksendring frå bustadformål til næring, at du ønskjer å starte familiebarnehage med 6-10 barn (inntil 5 barn er unnateke søknadsplikt) o.l.

Å bruke sjølve bygningen til noko anna kan også vere aktuelt, eksempelvis at du ønskjer å bruke bod/kjellar til varig opphald, ønskjer å etablere ei ny sekundærleilegheit e.l.

Dette kan du søkje om sjølv
Bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel innanfor ein brukseining, eksempelvis at du ønskjer å innreie kjellaren din til bustad, jf. byggjesaksforskrifta § 3-1.

Dette krev søknad frå kvalifisert føretak
Ønskjer du bruksendring for alt anna enn det som står ovanfor, må du ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert føretak som kan stå ansvarleg for søknaden til kommunen.

Dette gjeld eksempelvis

  • Etablering av fleire bueiningar eller leilegheiter
  • Etablering av familiebarnehage med 6-10 barn
  • Når byggverket blir teke i bruk eller blir tilrettelagt for anna enn det som følgjer av løyve eller regulering, f.eks. at bustad blir teken i bruk til næring.

Lista er ikkje uttømmande.

Arealplan - kva avgrensingar gjeld på eigedomen min?
Det vil vere avgrensingar i kommune- eller reguleringsplan på kva du kan byggje. Dette vil typisk vere byggjegrenser, avgrensing i storleik, høgde, takvinkel o.l. Pass på at tiltaket er innanfor desse avgrensingane før du går i gong med planlegginga. Du får reguleringskart og reguleringsinstruksar via kartsidene til Aukra kommune eller på kommunehuset

Dersom du skal byggje utover det arealplanane seier, må du søkje om dispensasjon.

Ulike krav ved bruksendring
Bygning med opphaldsrom for menneske skal prosjekterast og utførast slik at krav til forsvarleg energibruk, planløysing og innemiljø, medrekna utsyn, lysforhold, isolasjon, oppvarming, ventilasjon og brannsikring mv., blir oppfylt.

Krav om heis
Noko av det første ein bør avklare dersom ein ønskjer å bruksendarar kjellar eller loft til eigen bueining, er korvidt det blir krav om heis. Bustadbygning med tre eller fleire etasjar skal ha heis, jfr. TEK10 § 12-3. Kravet gjeld ikkje for småhus med ein bueining som har fleire etasjar/plan, eksempelvis ein einebustad i tre etasjar.

Krav om tilgjengeleg bueining
Der det som følgje av bruksendringa blir krav om heis, vil det også bli krav om tilgjengeleg bueining, jfr. TEK10 § 12-2. Dette inneber at bueininga skal vere tilgjengeleg for personar med funksjonsnedsetjing. Vi viser til krava i TEK10/VTEK10.

Dagslys
Rom for varig opphald skal ha tilfredsstillande tilgang på dagslys. Med rom for varig opphald blir stove forstått, kjøkken, soverom og arbeidsrom i bueining. Vi viser til krava i  TEK10 § 13-12.

Utsyn
Rom for varig opphald skal ha vindauge som gir romma tilfredsstillande utsyn. Tilfredsstillande utsyn inneber at personar som oppheld seg i romma skal ha god kontakt med det fri. I tett busetnad er det tilstrekkeleg å ha utsyn mot husrekkjer, gatesprang, bakgard o.l. Vi viser til krava i TEK10 § 13-13.

Lydisolasjon
Mellom bueiningar er det krav til både luftlydisolasjon og trinnlydisolasjon, noko som stiller krav til både val av løysingar og materiale. Konkrete grenseverdiar følgjer av NS 8175 Lydforhold i bygningar - Lydklasser for ulike bygningstypar.

Energi
Energikrava har gradvis blitt strengare dei siste åra. Ved bruksendring av kjellar eller loft til ny bueining vil dei nye energikrava gjelde for den nye bueininga. Temaet er nærmare skildra i TEK10 kapittel 14.

Uteopphaldsareal og parkeringsareal
Uteareal på tomta skal gjennom storleik, utforming og plassering mv. sikre forsvarleg opphaldsstad i det fri for bebuarane og i nødvendig utstrekning mogeleggjere leik, rekreasjon, avkøyrsel og parkering av bilar, motorsyklar, syklar o.l. Opparbeidde uteareal på tomta skal kunne brukast av alle innanfor formålet til løyva. Etablering av ny bueining vil normalt auke kravet til areal for uteopphald og parkering.