Bustadsosial handlingsplan
Vedteke i K-sak 63/14 den 4. september 2014
Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga pålegg kommunen å bistå vanskelegstelte på bustadmarknaden (§15). Kommunen har eit pliktmessig ansvar for å tilby mellombels bustadtilbod til dei som ikkje greier å skaffe seg bustad på eiga hand (§27). Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-7 pålegg kommunen å medverke til å skaffe bustadar til personar som sjølv ikkje kan ivareta sine interesser på bustadmarknaden. Dette omfattar også spesielt tilpassa bustadar og ved behov for hjelpe- og vernetiltak på grunn av alder, funksjonshemming eller av andre årsaker. Lov om folkehelsearbeid § 7 pålegg kommunen å i verksette tiltak for å møte kommunen sine folkehelseutfordringar, mellom anna tiltak knytt til oppvekst- og levekårstilhøve som bustad mm.
Høyringsperioden er avslutta. Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.
Send skjult innspel
Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.