Tilbake til aukra.kommune.no

Korleis lage ein søknad?

Byggesøknad

Informasjonen på denne sida er tilpassa søknad om tiltak utan ansvarsrett, dvs. der du som privatperson sjølv står ansvarleg for arbeidet, men kan også vere eit godt utgangspunkt for meir kompliserte søknader.

Når du har jobba deg igjennom punkta under så vil du vere klar til å sende inn søknaden. Dersom du står fast eller lurer på noko under veg sin så ta kontakt med eller stikk innom planavdelinga på kommunehuset.

Plangrunnlag
For at du skal få oversikt over kva som kan gjerast på eigedomen din så er det viktig at du set deg inn i plangrunnlaget, dvs. kva føresetnader og avgrensingar som er lagd på eigedomen din. Denne informasjonen kan du hente ut ved hjelp av kommunen si kartløysing. Vêr oppmerksam på at kommuneplanar blir viste frå målestokk 1:5000.

Kart
I søknaden må du vedleggje eit kartutsnitt med tiltaket teikna inn. Dette kan du hente ut sjølv ved hjelp av kommunen si kartløysing eller ved å vende deg til planavdelinga på kommunehuset. Hugs å teikne på avstand til nabogrense(r), vegar og andre bygningar. Kartutsnitt er ikkje nødvendig for innvendige arbeid eller ved fasadeendringar som ikkje endrar arealet på byggverket.

Teikningar
Teikningane skal helst vere i målestokk 1:100 og vere fagmessig utført. Aktuelle teikningar er plan-, snitt- og fasadeteikningar. Alle rørde fasadar må visast. Ved tilbygg må denne teiknast saman med gjeldande bygning. Hugs at også eventuelle endringar i terrenget må visast på teikningane. I einskilde tilfelle kan det vere lurt å sende med teikningar som viser gjeldande situasjon, slik at det blir enklare for saksbehandlar å sjå kva som blir endra. Gjeldande fasadeteikningar kan eventuelt erstattast eller supplerast med bilete.

Dispensasjon
Dersom tiltaket føreset dispensasjonar frå plan- og bygningslova (f.eks. avstand til veg, grad av utnytting, byggjegrense, gjeldande reguleringsinstruksar o.l.) må søknad om dette vedleggjast byggjesøknaden som eit eige skriv. Vi gjer oppmerksam på at dersom du må søkje om dispensasjon så vil saksbehandlingsfristen bli lengre.

Samtykke frå nabo
Dersom du ønskjer å oppføre eit nybygg eller tilbygg nærmare felles nabogrense enn 4 meter, må du anten ha skriftleg samtykke frå nabo eller søkje om dispensasjon frå plan- og bygningslova. Dette er ikkje nødvendig for byggverk under 50 m2.

Nabovarsling
Du må varsle alle rørde naboar og gjenbuarar ved at dei mottek nabovarsel. Naboliste/eigarliste over aktuelle naboar kan du bestille via Infoland.

Tilknyting til infrastruktur
Eventuell vassforsyning, bortleiing av avløpsvatn og tilkomst må sikrast og dokumenterast ved innsending av søknaden.

Søknadsskjema
I skjemaet gjer du opp relevante opplysningar og skildrar kva du skal gjere. Legg gjerne ved eit følgjebrev dersom det blir liten plass i skjemaet. Søknadsskjema finn du på sida "Skjema og dokument"

Tidsfristar og gebyr 
Tidsfristane for saksbehandlinga vår avheng av fleire forskjellige forhold. Det kan vere om tiltaket medfører dispensasjon, om det er komme merknadar frå naboar og om det er nødvendig å innhente fråsegn frå andre styresmakter.

Byggjesaksbehandling er gebyrfesta. Her finner du våre priser.