Tilbake til aukra.kommune.no

Klima- og miljøplan 2030

Vedteke i kommunestyremøte den 16. desember 2021, k-sak 84/21.

Utdrag frå innleiinga til klima- og miljøplanen: 

Aukra kommune ønskjer å vere ein aktiv deltakar og medspelar i arbeidet om å nå Norge sine mål i ein berekraftig klimapolitikk, og å vere ein pådrivar for at innbyggarar, næringsdrivande og andre skal gjere miljøvenlege val. Aukra kommune må ta sin del av ansvaret for å nå dei nasjonale utsleppskutta og miljømål elles, og kommunen må førebu seg på ei langsiktig omstilling til eit samfunn med låge utslepp.

Aukra kommune sin klima-og miljøplan skal stake ut ein kurs for korleis kommunen skal kunne nærme seg dei nasjonale klima-og miljømåla og berekraftsmåla som Noreg har forplikta seg til.

Plandokumenta: 

Klima- og miljøplan 2030: Plandokument

Klima- og miljøplan 2030: Mål og strategiar

Klima- og miljøplan 2030: Handlingsdel

Høyringsperioden er avslutta. Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.

Send skjult innspel

Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.

Framsidebilde klima- og miljøplan

Klima- og miljøplan