Tilbake til aukra.kommune.no

Fasadeendring

Dette kan du gjere utan søknad

Som regel treng du ikkje søkje om følgjande:

  • Utskifting av vindauge/dører med nye av tilsvarande utforming
  • Oppussing/Vedlikehold  Innsetjing/fjerning av mindre kjellarvindauge  Innsetjing/fjerning av lufteventilar

Utover dette må det vurderast i kvart enkelt tilfelle om fasadeendringa er søknadspliktig eller ikkje. Dersom du er i tvil, ta kontakt med kommunen. Det er betre å sjekke, enn å risikere at du oppfører noko som er søknadspliktig og som det viser seg ikkje kan godkjennast.

Du er ansvarleg for at bygningen blir utforma i tråd med alt regelverk. Du finn meir informasjon om dette på informasjonssida for tiltak som ikkje krev søknad

Tiltak som krev søknad frå kvalifisert føretak
Skal du gjere ei meir omfattande fasadeendring enn det som er skreve ovanfor, må du ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert føretak som kan stå ansvarleg for søknaden til kommunen.