Tilbake til aukra.kommune.no
Krigsminnesamling

Gossen krigsminnesamling

Under 2. verdskrigen var Gossen okkupert av tyskarane. Det var stor aktivitet på øya; blant anna bygde tyskarane flyplass, eit stort antal bunkrar, kanonstillingar og brakker.
I samband med 50-årsjubileet i 1995, vart det samla inn stoff og dokumentasjon til ei utstilling. Innsamlingsarbeidet viste at det var mykje stoff og historie frå denne tida som ikkje er kjent. Dette førte til at ein del personar har vidareført det historiske granskingsarbeidet, og ein kommunal arbeidsgruppe og byggenemnd har no bygd opp ei samling.

Samlinga er plassert på kommunehuset. I lokalet blir det vist gjenstandar, bilete, teikningar og modellar av Røssøyvågen og flyplassen slik det såg ut i krigsåra.

Ope for publikum måndag - fredag 8.30-15.30 i perioden 1.juli til medio august.

Krigshistorie
Storparten av kommunens innbyggjarar blei berørt av krigen. Gossen vart okkupert av tyskarane og 7-800 personar blei tvangsevakuert for å gi plass til soldatane. For å sikre skipstrafikken langs kysten og havområdet rundt, trengte tyskarane fleire flyplassar samt ei utbetring av dei få eksisterande norske flyplassane. Den 27.01.41 finn vi dei første dokumenta som fortel at tyskarane har sett seg ut Gossen som stad for denne flyplassen. Våren 1941 blir brukt til ei intens planlegging, og allereie ut på sommaren er utbygginga i full gang.

Øya forandrar seg frå ei fredeleg fiske- og jordbruksbygd med 2000 innbyggjarar, til ei heksegryte av aktivitetar. Då flyplassen blei belagt med jagarfly sommaren 1943, var Gossen ei festning med rundt 3600 soldatar og 100 kanonar. Strendene var minelagt med 9250 miner og det var bygd eigen radiostasjon og flymeldeteneste. Fram til desember 1944 var flyplassen belagt med 11-15 fly, men etter at tyskarane trakk seg ut av Finnmark, blei styrken utvida til over 30 fly. Gossen var frå det tidspunktet, den flyplassen i Norge som hadde flest jagarfly, og utover i 1945 var desse flya stadig i kamp, noko som førte til at Costal Command den 20. april 1945 ba Air Ministery om at Gosssen skulle bombes. Heldigvis kom det ikkje så langt.