Tilbake til aukra.kommune.no

Handlingsplan mot mobbing, trakkassering, truslar og vald

Vedteke i k-sak 47/16, den 21. juni 2016, vidareført utan endringar fram til 2025.

Vi bruker mykje av tida på arbeid, og då er arbeidsmiljøet viktig. Arbeidsmiljølova (AML) handlar om både det fysiske og psykososiale arbeidsmiljøet. Internkontrollforskrifta skal sikre at kommunen har tiltaksplanar som sikrar krava i AML. Det krevst ei heilheitleg satsing for å betre det psykososiale arbeidsmiljøet og er av den grunnen meir krevjande å arbeide med enn det fysiske arbeidsmiljøet.

Det er ein aukande tendens til valdsbruk i samfunnet generelt. Søkelyset i media er ikkje i like stor grad retta mot valden og valdsrisikoen enkelte yrkesgrupper er utsette for. Det dreiar seg i første rekke om tilsette innan helse- og sosialsektoren, men også andre grupper har vorte meir utsette. Mobbing på arbeidsplassen er òg eit problem som må takast alvorleg. Det er òg ein aukande tendens til hetsing og mobbing på ulike nettstader. Denne typen mobbing er vanskeleg å få stoppa, og dei tilsette må derfor bevisstgjerast på kva for verknad slik trakassering har.

Aukra kommune ønsker å fremme ein kultur med stolte og lojale medarbeidarar som har ei felles vi-kjensle i tråd med stikkord i kommunen sitt verdigrunnlag: attraktiv, uredd, kvalitet, raus, arbeidsglede. Kommunen sitt motto er: Aukra – full av energi. Mottoet vårt uttrykker positivitet, pågangsmot og vilje til å arbeide for at Aukra kommune skal bli ein enda betre stad å bu og arbeide i, med nulltoleranse for mobbing, trakassering og valdsbruk.

Handlingsplan mot mobbing, trakkassering, truslar og vald i Aukra kommune 2021-2025

Høyringsperioden er avslutta. Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.

Send skjult innspel

Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.

A-symbol - grønn