Tilbake til aukra.kommune.no

Høyring – Forskrift om godtgjering og velferdsgode i Aukra kommune 2023-2027

Høyringsfristen er 31. mai 2023.

Aukra formannskap vedtok i sitt møte 2. mai 2023 å legge Forskrift om godtgjering og velferdsgode i Aukra kommune 2023-2027 ut på høyring. 

Høyringssvar

Merknader til forskrifta skal sendast kommunen innan 31. mai 2023, og du kan gi tilbakemelding på følgjande måte: 
  • Via funksjonen «Send ein uttale til planen», der det òg er mogleg å laste opp vedlegg
  • Sende e-post til kommunen på adresse post@aukra.kommune.no
  • Sende via post til Aukra kommune, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra

Saksdokument

Særutskrift (saksframlegg med vedtak)
Forslag til forskrift om godtgjering og velferdsgode i Aukra kommune 2023-2027

 


Høyringsperioden er avslutta., Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.


Uttale til saka

Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.

  • Eg meiner at det er lurt at møtesatsane for utvalg baserer seg på ordførarlønna. Det eg ikkje er nøgd med er at ordførarlønna er knytt til grunnbeløpet i folketrygda, og spesielt på ein så høg sats. 10,5G, som i år tilsvarar: 1 245 510kr. Dette er på nivå med kva det er i mange av dei største byane i Noreg, og er langt over snittet for kommunar i landet.

    Ordføraren i Aukra tener meir enn kva 90% av lønnsmotakarar i landet gjer. For ein sjukepleiar med 16års ansinitetstillegg ligg dei på under 600 000 i året. Eg tenkjer det er meir fornuftig å ta utgangspunkt i kva som er median eller gjennomsnittslønn i anten landet eller kommunen for å få eit betre tal å ta utgangspunkt frå. I tillegg vil ikkje satsen bli auka med 10,5 gongar auken i G-beløpet i folketrygda heller, som ofte resulterer i mykje større lønnsauke enn kva vanlege folk har. 10,5 gongar auken i G verte ei auke på til saman 75000 kr frå 2022 til 2023, det tre gongar så stor lønnsauke som dei fleste kommunetilsette (som fekk kring 26000 meir i år).

    Eg meiner at eit godt prinsipp i politikken er at ingen politikarar skal ha meir lønn enn ein arbeidar. Fordi folk ikkje skal få vesentleg betre materielle forhold når dei blir folkevalde, slik at pengane kan endre korleis ein oppfattar verda. Men eg veit at nesten ingen politikarar lengre til høgre for meg er viljuge til å gå med på noko slikt, men då kan ein i det minste gjere slik at nivået på ordførarlønna er f eks 120% av det som er medianlønna i Noreg, så vil ein ha eit fornuftig nivå på lønna som også følgjer lønnsforhandlingane med 20% ekstra i staden for nesten 3 gongar meir. Med eit slikt regime ville ordføraren framleis ha tent ganske godt i høve mange andre, meir enn 80% av lønnsmotakarar i landet, men ikkje fryktelig langt over det som er mest vanleg å ha. Eit slikt lågare nivå vil også frigjere noko midlar i kommunebudsjettet, og måtehald kan vere lurt for å signalisere at leiarskapen i kommunen også er med på å stramme inn livreima når det sannsynlegvis går mot nedbemanning for å finansiere forpliktelsane i samband med kjerringsundsambandet og kompass 2030. Det ville også ha vore ein fornuftig ting for kommunedirektøren å gjere, men det er ikkje tema for denne saka.

    Uansett om ikkje resten av kommunestyret er samde i at det bør vere på det nivået, så håpar eg at resten også vil vere med på å regulere nivået ut ifrå medianlønn i landet framfor grunnbeløpet i folketrygda for å betre regulere nivået på lønnsauke.

    2023-05-31 16:26:39
    [Svar]  Link
Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?

Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under

Dekorativt element