Høyring - Lokal forskrift om gebyr for gjennomføring av lovbestemt tilsyn med og feiing av fyringsanlegg
Bakgrunn
Eksisterande forskrifter i eigarkommunane til Nordmøre og Romsdal brann og redning (NORBR), som var vedteke hausten 2020, må justerast for å sikre klarheit i føresegnene. I gjeldande forskrift er det rom for skjønn i vilkåra for å krevje gebyr. Presisering av vilkåra skal gjere at det ikkje lenger vert rom for tolking. I tillegg er den reviderte forskrifta forenkla i samsvar med råd frå DSB.
Uttale frå DSB:
«DSB er av den oppfatning at kommunene i større grad bør være oppmerksomme på kravene til en formell forskrift, og sikre klarhet i forskriftens bestemmelser. Det gjelder blant annet bestemmelser om gebyrsatser og betalingstidspunkt, og kommunen har anledning til å bestemme at avgiften for feiing og tilsyn med fyringsanlegg først skal ilegges etter at oppgaven er gjennomført».
NORBR er sidan 1. januar 2020 ansvarleg for å ta vare på pliktene til kommunen, oppgåver og behov knytt til tilsyn med og feiing av fyringsanlegg basert på sjølvkost. Det er likevel slik at eigarkommunane vedtek eigne like gebyrforskrifter.
Den lokale gebyrforskrifta blir heimla i lov av 14. juni 2002 nr. 20 om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farleg stoff og om redningsoppgåvene til brannvesenet (brann- og eksplosjonsvernloven) § 28 andre ledd, og blir fastsette av kommunestyret i kvar enkelt kommune.
Forskrifta legges ut til høyring i tidsrommet 1. oktober 2024 til 12. november 2024.
Merknader til planforslaget
- Merknader til høyringsutkastet skal sendast til kommunen innan 12. november 2024, og vi ber om at de fortrinnsvis nyttar funksjonen «Send ein uttale til planen».
- Det er òg mogleg å laste opp vedlegg.
- Saksdokumenta finn du nedst i denne artikkelen.
Høyringsperioden er avslutta., Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.
Uttale til saka
Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.
Vil atter en gang gratulere kommunen med arkiv.. bruk det aktivt.. for å unngå flere skandaler. Støtter dere også i kampen mot sjikanering og person-angrep. APPLAUS! Slutt på både apartheid, forskjells-behandling og dispensasjoner. BRAVO! Norges lover og internasjonale regler, skal heretter bli etterfulgt.
Odd Magne Eidskrem.Mvh. overingeniør og bygg-teknisk rådgiver for kommunen, Odd Magne Eidskrem.
Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?
Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under