Tilbake til aukra.kommune.no

Ikkje-berande vegg

Pbl § 20-5 d), jf. SAK10 § 4-1 (1) c nr. 1

Alle desse punkta må vere oppfylte for at fritaket skal gjelde:

  • Veggen påverkar ikkje bygget sin konstruksjonstryggleik, altså må veggen vere ikkje-berande.
  • Endringa går ikkje på kostnad av nødvendige romfunksjonar.
  • Arbeidet med veggen blir gjort innanfor ei branncelle eller eit lydområde.
  • Brannsikring må oppretthaldast.

Oppføring, endring eller fjerning av ikkje-berande vegg må ikkje gå på kostnad av tekniske krav som skal vareta miljø og helse. Her nemner vi blant anna:

  • Det må framleis vere tilfredsstillande luftkvalitet.
  • Det må framleis vere tilfredsstillande lyd- og vibrasjonsnivå.
  • Det må framleis vere tilfredsstillande tilgang på lys og utsyn.

Oppføring, flytting eller fjerning av lettvegger verkar sjeldan inn på omgivnadene og kan unntas frå byggjesaksbehandling. Dersom arbeidet med den ikkje-berande veggen er i samsvar med krav i gjeldande regelverk, vil du for eksempel kunne dele opp eit rom i fleire mindre rom utan at det er nødvendig å søkje.

Branncelle
Med branncelle meinest ein avgrensa del av ein bygning der ein brann i løpet av ein fastsette tid fritt kan utvikle seg utan å spreie seg til andre delar av bygningen.

Lydområde
Eit anna ord for lydområde kan vere brukarområde. Med lydområde meinest ein del av bygningen som må beskytta mot støy frå andre delar av bygningen og frå utandørs kjelder. Eit lydområde kan vere eit rom, eller ei samling rom i ein bygning som brukast til eit bestemt formål, f.eks. ei bueining (bustad), sjukerom i sjukehus/pleieinstitusjonar, gjesterom i overnattingsbygg, undervisingsrom mv.