Tilbake til aukra.kommune.no
Skolehelsetenesta

Skolehelseteneste

Skolehelsetenesta er eit tilbod til alle barn i grunnskolen. Målet for skolehelsetenesta er å fremje god helse og førebygge sjukdom og skade.

Vaksinasjonsprogram og helseundersøkingar det vert innkalla til:
1. klasseHelseundersøking på helsestasjon med helsesøster og lege for dei som ikkje har hatt dette før skulestart.
2. klasseTilbod av kombinasjonsvaksine mot følgjande sjukdommar: difteri, tetanus, kikhoste og poliomyelitt.
3. klasseHelseundersøking og måling av høgde / vekt.
6. klasseTilbod av vaksine mot følgjande sjukdommar: meslingar, kusma og raude hundar (MMR).
7. klasseTilbod om HPV-vaksine (humant papillomavirus). To dosar med minst 6 mnd intervall.
8. klasseHelseundersøking og måling av høgde / vekt.
10. klasseTilbod av kombinasjonsvaksine mot følgjande sjukdommar: difteri, stivkrampe, kikhoste og poliomyelitt.

All vaksinering og helseundersøking er frivillig, men vi anbefaler at alle takkar ja til tilboda. Det vert sendt ut skriftleg informasjon til føresette i forkant av vaksinasjon/undersøking.

Kontaktinformasjon: 
Helsesjukepleier Tonje Vikhagen har kontortid måndag - torsdag.
kl. 09.00 – 15.00.

Telefon:  404 48 035