Tilbake til aukra.kommune.no

Mur/støttemur

Pbl § 20-5 e), jf. SAK10 § 4-1 (1) d nr. 6

Alle desse punkta må vere oppfylte for at fritaket skal gjelde:

  • Dersom avstand frå nabogrense er på minst 1,0 m, kan maksimal høgde på muren vere inntil 1,0 m.
  • Dersom avstand frå nabogrense er på minst 4,0 m, kan maksimal høgde på muren vere inntil 1,5 m.
  • Støttemurar som er 0,5 meter eller lågare blir ikkje rekna som ein konstruksjon og kan i utgangspunktet byggjast helt inntil nabogrensa utan søknad.
  • Avstand mellom støttemur og ytre vegkant av kommunal veg (inkludert fortau) er ikkje mindre enn 1 meter.
  • Støttemuren må ikkje vere i strid med reguleringsplan, byggjegrense eller krav til fri sikt langs veg.
  • Støttemuren vil ikkje innebere flytting av eller etablering av ny avkøyrsel.
  • Støttemuren må ikkje vere i strid med andre lovverk, som for eksempel veglova.
  • Støttemuren må ikkje vere i strid med reguleringsplan. Du må i så fall søkje om dispensasjon.

Støttemurar som ikkje fell inn under desse skildringane er søknadspliktig.

Krav til ansvarsrett for søknadspliktige støttemurar
Dersom støttemuren er søknadspliktig, er hovudregelen at kommunen krev at jobben blir ansvarsbelagd. Det betyr at privatpersonar ikkje sjølv kan utføre jobben. Vi praktiserer likevel at murar med høgd inntil 1 meter kan fritakast frå krav om ansvarsrett. Dette gjeld også når støttemuren blir plassert helt i nabogrensa så lenge det er semje mellom partane om plassering av muren.

Avstandskrav for søknadspliktige murar
Avstand til nabogrense skal normalt vere minst 4 meter, dersom ikkje anna går fram av reguleringsplanen. Plan- og bygningslova opnar likevel for å tillatne mur nærmare nabogrense dersom muren blir sett på som eit mindre frittliggjande tiltak, eller  naboen gir samtykke

Dersom desse vilkåra ikkje er oppfylte, må det søkjast om dispensasjon frå avstandskravet. Det er då viktig å vurdere kva ulemper tiltaket kan få for naboeigedomen(e).

Sikring mot fall
Høgder over 0,5 m. må sikrast mot fall. Det er ansvaret ditt at dette blir løyst på ein forsvarleg måte.