Tilbake til aukra.kommune.no

Dispensasjon frå arealplan

Aukra kommune har ein arealplan for alle eigedomar i kommunen. Dette kan vere både overordna kommuneplan og lokal reguleringsplan. Planane viser korleis eigedomen din kan utnyttast, og er juridisk bindande. Dersom du ønskjer å byggje noko anna enn det arealplanane legg opp til, må du derfor søkje om dispensasjon eller om endring av plan.

Dispensasjon er unnataket

Alle arealplanar har vore gjennom ein lang politisk prosess med overordna planlegging av området, med medverknadsmoglegheiter frå naboar og både offentlege og private organisasjonar som har interesse i planen. Ein plan skal vere forutsigbar slik at folk skal vite kva som gjeld i området sitt. Dispensasjon skal derfor berre unnataksvis nyttast.

Kommunen kan gi dispensasjon dersom:
- formålet med arealplanen ikkje blir vesentleg tilsidesatt, og  fordelane ved å gi dispensasjon er klart større enn ulempene.

Slik søkjer du dispensasjon
Dispensasjonssøknaden blir skriven som eit vanleg brev og blir lagt ved saman med nabovarsel og søknad om byggjetiltaket. Søknaden skal seie kva det blir dispensert frå og innehalde ei grunngiving for dispensasjonen.