Tilbake til aukra.kommune.no
Bilde til kommunereform

Innbyggjarundersøkinga i Aukra kommune

Kommunereforma

I samarbeid med Opinion har Aukra kommune gjennomførd ei innbyggjarundersøking. Undersøkinga er ein del av prosessen rundt kommunereforma. Resultata frå undersøkinga vil vere eit tema på folkemøtet den 19. oktober kl. 18.30 på Gossen barne- og ungdomsskule.

Innbyggjarundersøkinga skal tene fleire føremål:

  • Å identifisere innbyggjarane sitt syn på ulike samanslåingsalternativ
  • Å gi innspel til politikarane om kva konsekvensar innbyggjarane meiner ei samanslåing vil kunne ha på ulike tenesteområde
  • Å forankre avgjerdsprosessen, og det endelege vedtaket, i befolkninga.

Denne undersøkinga har sett blant anna nærmare på tilhøyrsel, grunnar som taler for og mot ei kommunesamanslåing, behovet for samanslåing, ønske om framtidig kommunestruktur, kva kommunar ein bør gå saman med og på kva(n) måte(r) ein ønskjer å bli involvert.

Resultata frå innbyggjarundersøkinga finn du i høgremenyen