Tilbake til aukra.kommune.no

Interkommunal sjøarealplan for Aukra og Hustadvika kommunar - Høyring og offentleg ettersyn

Frist for merknader er 15. september 2023.

Offentleg høyring

Formannskapet i Aukra kommune vedtok i møtet den 2. mai 2023 å leggje forslag til interkommunal sjøarealplan for Aukra og Hustadvika kommunar ut til offentleg høyring og ettersyn, jf. plan- og bygningsloven § 11-14. Planforslaget vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i perioden 16. mai 2023 – 15. september 2023.

Merknader til planforslaget

Merknader til planforslaget skal sendast til Hustadvika kommune innan 15. september 2023, og vi ber om at du nytter funksjonen «Høring» på heimesidene deira. Merknader som gjeld spesifikt for Aukra kommune skal også sendast inn via høyringsportalen til Hustadvika kommune. 

Gå til høyringa på Hustadvika kommune si heimeside.

Saksdokument

Særutskrift - saksframlegg med vedtak

Plankart, føresegner og planomtale finn du på Hustadvika kommune sin høyringsportal.

Romsdalskart - Aukra kommune - følg lenka og vel Aukra kommune i høgremenyen. Huk av for "Planer under arbeid". Pass på at det ikkje er huka av for "Kommuneplan" samtidig, sidan denne vil leggje seg over planforslaget. Zoom litt inn i kartet for å sjå forslaget. Du kan no navigere i kartet for å sjå planforslaget.

Informasjon

Nedst i denne artikkelen finn du ei setning om at høyringsperioden er avslutta. Setninga har tekniske årsaker og du kan sjå bort i frå denne. Høyringsperioden er fram til 15. september 2023.


Høyringsperioden er avslutta., Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.


Høyringsperioden er avslutta. Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.
Dekorativt element