Tilbake til aukra.kommune.no

Klage på vedtak i plan- og byggjesak

Følgjande vedtak kan klagast:

  • Vedtak i byggjesak eller delesak
  • Vedtak om reguleringsplan. Dersom privat reguleringsforslag er i samsvar med kommuneplanen sin arealdel eller områderegulering, kan eit avslag krevjast forelagt kommunestyret.

Du kan ikkje klage vedtak om kommuneplan.

Korleis klagar du?
Klagefristen er 3 veker frå den dagen vedtaket kom fram til den påførde adresse. Det er tilstrekkeleg at klaga er postlagd innan fristen sitt utløp. Klaga blir send til post@aukra.kommune.no, eventuell til Aukra kommune v/planavdelinga, Aukraringen 25, 6480 Aukra.

Klaga må

  • Vere velgrunna. Klaga bør også nemne eventuelle andre opplysningar som kan ha verdi for kommunen si vurdering.
  • Melde kva vedtak det blir klaga.
  • Melde kva endringar som eventuelt blir ønskte.
  • Vere underskrive.

Dersom det blir så klaga seint at det kan vere uklart om det er klaga i rett tid, blir det bedt om oppl når vedtaket kom fram. Om det er særlege grunnar til det, kan du få forlengde klagefristen ved førespurnad. Dersom klaga blir send etter 3 veker frå vedtaket blei mottekne, kan den bli avvist. Du bør derfor opplyse kvifor du ikkje kan lastast for ei eventuell forseinking.

Sjølv om det er klagerett kan vedtaket vanlegvis gjennomførast straks. Du kan søkje om å få utsett iverksetjing av vedtaket inntil klagefristen er ute eller klaga er avgjord. Kommunen avgjer om det er grunnlag for å utsetje iverksetjinga, og denne avgjerda kan du ikkje klage på.

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål eller treng rettleiing i samband med dette.

Det er ikkje gebyr for behandling av klager.

Saksgang/klageinstans

  • Klage i saker som er avgjort etter plan- og bygningslova: Fylkesmannen i Møre og Romsdal er klageinstans. Klaga sender du til Aukra kommune.
  • Klage i saker som er avgjort etter kommunelova: Klagenemnda er klageinstans. Formannskapet er klagenemnd. Klaga sender du til Aukra kommune.
  • Klage i administrative plansaker som er delegert til drifts- og arealutvalet: Klagenemnda er klageinstans. Formannskapet er klagenemnd. Klaga sender du til Aukra kommune.

Fylkesmannen si behandling
Fylkesmannen avgjer om klaga skal takast til følgje. Klager blir underretta direkte om avgjerda. Du kan ikkje klage på Fylkesmannen si avgjerd.