Klima- og miljøplan 2030 for Aukra kommune - offentleg høyring
Frist for merknader: 15. november 2021
Om planen
Klima- og miljøplan 2030 for Aukra kommune er ein kommunedelplan og består av tre dokument:
- Plandokument
- Mål og strategi
- Handlingsdel
For å oppnå hovudmålsettingane om reduksjon av klimagassutsleppa til Aukra kommune, og bevaring av biologisk mangfald og natur- og kulturmiljø, er det formulert overordna mål (visjonar), strategiar og tiltak. Desse er bygd på dei seks satsingsområda frå kommuneplanen sin samfunnsdel:
- Haldningsskaping
- Klimatilpassing
- Miljøvennleg transport
- Energibruken i kommunale bygg
- Forbruk og avfall
- Berekraftig naturforvalting og biologisk mangfald
Aukra kommune sine visjonar for 2030
- Alle i Aukra kommune tek miljø- og klimavennlege val
- Aukra kommune er eit klimatilpassa og trygt lokalsamfunn
- Aukra kommune har redusert energibruken i alle kommunale bygg og brukar fornybare energikjelder og utsleppsfri energi
- Innbyggjarane i Aukra reiser med miljøvennleg transport
- Alle i Aukra kommune har redusert mengda avfall, og auka graden av gjenbruk og gjenvinning
- Aukra kommune har eit rikt natur- og kulturlandskap
Merknader til søknaden
- Merknader til planforslaget skal sendast kommunen innan 15. november 2021, og vi ber om at du nyttar funksjonen «Send ein uttale til planen»,
- Det er muleg å laste opp vedlegg.
- Saksdokument finn du nedst i artikkelen.
Saksdokument
Høyringsbrev |
Plandokument |
Mål og strategi |
Handlingsdel |
Høyringsperioden er avslutta., Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.
Uttale til saka
Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.
Vedlagt som fil er mitt høyringssvar.
Gossen Idrettslag (GIL) stiller seg bak klima og miljøplan 2030. GIL mener att frivillige lag og organisasjoner er for lite omtalt i planen. Vi som ansvarlig organisasjon ønsker å bidra til godt klima og miljø rundt våre aktiviteter. Og ønsker att klima og miljøplanen er ett hjelpemiddel for å oppnå det.
Jim Thomas GundersenØnskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?
Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under