Tilbake til aukra.kommune.no

Levegg

Pbl § 20-5 e), jf. SAK10 § 4-1 (1) d nr. 1 og 2

Alle desse punkta må vere oppfylte for at fritak for søknadsplikt skal gjelde:

  • Maksimal høgde må ikkje vere over 1,8 meter.
  • Lengde maksimalt 10 meter dersom minste avstand til nabogrense er 1 meter.
  • Lengde maksimalt 5 meter dersom levegg blir plassert inntil nabogrense.
  • Avstand mellom levegg og ytre vegkant av kommunal veg (inkludert fortau) er ikkje mindre enn 1 meter.
  • Leveggen må ikkje vere i strid med reguleringsplan, byggjegrense eller krav til fri sikt langs veg.
  • Leveggen vil ikkje innebere flytting av eller etablering av ny avkøyrsel.
  • Leveggen må ikkje vere i strid med andre lovverk, som for eksempel veglova.
  • Leveggen må ikkje vere i strid med reguleringsplan. Du må i så fall søkje om dispensasjon.

Ein levegg er ein tett vegg, frittståande eller tilknytt eit bygg, sett opp for å skjerme mot for eksempel innsyn, støy og vind.

For all byggjearbeidar som ikkje er søknadspliktige er den som byggjer ansvarleg for at arbeidet ikkje er i strid med gjeldande plan. Du bør derfor sjekke om reguleringsplanen for eigedomen din har avgjerder, for eksempel ei byggjegrense, som seier noko om kor du eventuelt kan plassere leveggen.

Den som set opp ein levegg er også ansvarleg for at andre forhold er varetekne, for eksempel konflikt med eventuelle vatn- og avløpsleidningar eller siktforhold i samband med kryss/avkøyring.