Tilbake til aukra.kommune.no
Løvikremma

Løvikremma kystgard

Kontakt
Løvikvegen 235
6480 Aukra
Tlf.nr: 71 20 24 60
Mobil: 474 64 241
E-post: post@romsdalsmuseet.no

Opningstider
Frå 23. juni til 7. august
Kvardagar: kl. 12 -16 (sal av kaffe og valflar)
Laurdag: kl. 12-16 (sal av rømmegraut, kaffe og vaflar)
Søndag: kl. 12-16 (sal av kaffe og vaflar)


Ein kystgard på Gossen
Tradisjonell kystgard frå slutten av 1800-talet. I sesongen er det triveleg vertskap som tek imot gjestane og tilbyr enkel servering. På tunet er det forskjellige husdyr.

Løvikremma framstår som eit typisk eksempel på fiskarbondens gardsbruk på Romsdalskysten. Frå husa er det utsikt mot sjøen, holmar og skjær, og fjella på fastlandet. Mellom husa og sjøen er det en dam der det er et yrande fugleliv frå tidleg på våren. Kulturlandskapet er idag prega av moderne jordbruksdrift i søraust, myrområde i vest og endel gjengrodd innmark i nord og aust.

Eit levande museum
Løvikremma levande museum er eit samarbeidsprosjekt der partane er Aukra kommune, grunneigar og Romsdalsmusèet. Dette gjer det mogleg å nytte tunet, bygningane, jorda på eigendomen og holmane til å prøve ut gamal gardsdrift og skape ei levande forståing for natur, kultur, miljø og historie. Tanken er at barnehagar, skuleklassar, lag, organisjonar, næringsliv og andre meir tilfeldige gjester skal bruke garden som kulturformidlingsstad.

Bygningane
Idag består Løvikremma av 4 hus. Våningshus, løe, stabbur og torvsjå. 110 dekar innmark, 40 dekar utmark og 80 dekar holmar og skjær. Dei bygningane som er på bruket idag vart bygd av Hans Hansen og sonen Peder Hansen som dreiv garden frå 1886- 1920.Våninshuset vart bygd i 1861, løa ein gang i perioden 1875-1900 og stabburet ca.1900. Løa har si eiga historie. Tyskarane okkuperte Løvikremma under krigen. Dei tok løa som kino og teatersal. Scena, med måla dekorasjon på bakveggen, står framleis. Til Løvikremma høyrde også to naust.

Hans var bonde og fiskar og hadde eigen båt. Løvikremma var da ein av dei største gardane på Aukra. I 1875 hadde dei på garden 6 kyr,1 hest, 21 sauer,5 geiter og ein gris.Det bodde folk på garden fram til 1979og delar av jorda er framleis halden av grunneigar.