Tilbake til aukra.kommune.no

Nabovarsel

Ved oppføring av søknadspliktig tiltak skal ein i dei aller fleste tilfelle sende nabovarsel til naboar og <OMSKRIV:gjenboere>, med mindre dei skriftleg har varsla at dei ikkje har merknadar til søknaden.

Nabovarslingsblankettar finn du her.

Det er ikkje nødvendig med nabovarsel når ein nabo sine interesser openbert ikkje eller i liten grad blir berørt av tiltaket. Eksempel på slike tilfelle er innvendige arbeid i bustaden som for eksempel endring av berevegg, bruksendring av kjellarrom til kjellarstove og liknande. Likeins når tiltaket ikkje er synleg på grunn av avstand eller andre fysiske forhold ved tomta og busetnaden.

Dei som skal varslast er:

  • Naboar: Eigar til eiendommer som grenser til eiendommen som det skal bygjast på.
  • Gjenbuarar: Eigar til eigedomar som er fysisk skilt frå eigedomen som det skal bygjast på med gate, veg, elv eller anna areal.

Eigarar av både bygde og ubygde eigedomar skal varslast. Kommunen kan også krevje at andre blir varsla. Dette føreset likevel at personen sine interesser blir rørde.

Dersom den personen som skal ha varsel er død utan at skifte av eigedomen er gjennomført, må den som er tiltakshagar ta kontakt med skifteretten for å finne ut kven som representerer dødsbuet og sørgje for at varsel blir sendt til buet.

Nødvendig informasjon slik som teikningar og kartutsnitt skal følgje med nabovarselet. Varsla skal også gi ei god skildring av kva som skal oppførast og kvar det skal oppførast. Det skal tydeleg gå fram om tiltaket krev dispensasjon.

Nabovarsel (blankett 5154) kan du gi anten ved å gå rundt til naboane eller ved å sende det rekommandert i posten. Hugs å få naboane sin signatur eller posten si kvittering/stempel på blankett 5156. Denne blanketten saman med blankett 5155 vedlegg du søknaden du sender til kommunen. Ved rekommandert varsel eller dersom nokre naboar ikkje samtykke til tiltaket så må du vente i 2 veker før du sender inn søknaden.

Naboliste/eigarliste
Naboliste/eigarliste over aktuelle naboar kan bestillast via Infoland.

Merknader til nabovarsel
Ansvarleg søkjer, eventuelt tiltakshagar dersom ingen ansvarleg søkjer, skal ta i mot og koordinere nabomerknader. Søkjer har dermed moglegheit til å justere tiltaket i etter nabomerknader før endeleg søknad blir send kommunen. Søknaden skal vedleggjast dokumentasjon for at naboane er varsla, samt ei forklaring for korleis eventuelle nabomerknader er varetekne.

Nytt nabovarsel
Er det gått meir enn 1 år mellom utsending av nabovarsel og søknad, må det sendast ut nytt nabovarsel.

Nabovarsel til sameige gjeldande annan eigedom
Sameigestyret skal nabovarslast. Det er ikkje nødvendig med nabovarsel til alle sameigarar.

Tiltak innan eit sameige eller burettslag
Styret skal varslast og skriftleg gi samtykke til tiltaket før det blir sendt kommunen. Gjeld også ved innvendige arbeid som rører andre bueiningar i sameige eller burettslaget, for eksempel ved søknadspliktige tiltak i brannskilje som golv, vegger, tak eller røyrarbeid.

Det er ikkje nødvendig å sende nabovarsel til alle sameigarar, men det blir tilrått at andre sameigarar blir varsla dersom tiltaket går ut over desse på noko vis med blant annan støy.

Festeeining
Den som festar ein naboeigedom har same status som grunneigar eller heimelshav til naboeigedomen og skal på lik linje ha nabovarsel.

Andre festarar og eigarar til eigedomen som det skal gjennomførast eit søknadspliktig tiltak på har ikkje krav på nabovarsel. Det kan likevel vere privatrettslege forhold (festekontrakt) som tilseier at festar og eigar bør varslast.

Riving
Gjeld søknaden riving skal søkjaren varsle og dokumentere at dei som eventuelt har pengehefte i eigedomen, er varsla om søknaden.