Offentleg høyring: IKT strategiplan for oppvekst og kulturskole i ROR-IKT 2017-2021
Høyringsfrist: 04.05.2017
Kommunane Molde, Midsund, Vestnes, Rauma og Aukra inngikk interkommunalt samarbeid på IKT-området 01.01.2014. Styret i ROR-IKT har bestilt denne planen ut frå eit ønske om at medlemskommunane skal ha ein felles digital strategi for oppvekst og kultur. Dette er fyrste strategiplan som dekkjer heile oppvekstsektor frå 0-16 år.
Kva ønskjer vi å få tilbakemelding om:
- Manglar det noko viktig?
- Er du usamd i strategiske val?
Høyringsinstanser:
- Ungdomsråd
- FAU for barnehagane og skolane
- Fagforeiningar
- Dei politiske partia
- Kunnskapsnett barnehage / skole
Høyringsbrevet med tilhøyrande høyringsdokument er tilgjengeleg i resepsjonen på kommunehuset og på Aukra kommune sin planportal.
Merknader skal sendast kommunen innan 4.5.2017, og vi ber om at de nyttar funksjonen "Send ein uttale til planen", der det og er høve å leggje ved relevante dokument.
Høyringsdokument |
Høyringsbrev |
IKT strategiplan for oppvekst og kulturskole i ROR-IKT 2017-2021 |
Høyringsperioden er avslutta., Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.
Uttale til saka
Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.
sjå vedlegg
Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?
Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under