Frist for merknader er 26. oktober 2025
Plan for idrett og fysisk aktivitet - Høyring
Offentleg høyring og ettersyn
Aukra kommune vedtok gjeldande kulturplan 2024-2027 den 13. juni 2024 i sak PS-36/24. Plan for idrett og fysisk aktivitet byggjer vidare på dei verdigrunnlag og målsettingar som kulturplanen har i seg.
Plan for idrett og fysisk aktivitet vil i samsvar med vedtak i PS-36/24 ha fokus på følgjande hovudtema:
- Anlegg- og arealkartlegging
- Aktivitet- og behovskartlegging
- Drift- og vedlikehaldsplaner/strategiar og budsjett
Planen skal vere eit verktøy som blir brukt både politisk og administrativt for vidare utvikling av feltet idrett og fysisk aktivitet i Aukra. Den skal vere retningsgjevande ved prioritering av mål og tiltak.
Merknader til planforslaget
- Merknader til planforslaget skal sendast kommunen innan 26. oktober 2025, og vi ber om at de nyttar funksjonen «Send ein uttale til planen».
- Det er òg mogleg å laste opp vedlegg.
- Saksdokumenta finn du nedst i denne artikkelen.
Uttale til saka
Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.
Viser til: satsingsområde friluftsliv nye tiltak. (Side 28 i dokumentet).
Her ligger det inne bygging av dagsturhytte på Julsundmarka. Dette er et veldig flott tiltak som blir et flott løft for friluftsliv i Aukra kommune.
Vi tenker at Aukra kommune, som har både fjord og fjell, bør kunne bygge to dagsturhytter. En på fjellet (Julsundet), og en ved fjord (Gossen)
Området som vi foreslår er Kvalvågen, som ligger vest på Gossen, mellom Småge og Horrem med Smågeholmene rett i nærheten. Veldig flott når det er sol, og vill natur når det stormer.
Vi ser for oss en tilkomst på ca. 500- 600 meter fra Smågekrysset. Opparbeidet som tursti. Da det meste er flatt på Gossen, så er også tilkomsten til Kvalvågen særs god for bevegelseshemmede.
Økonomisk så kan det også være gunstig å bygge to dagsturhytter. (Frakt med helikopter etc.).
Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?
Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under
Send skjult innspel
Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.