Tilbake til aukra.kommune.no

Reguleringsplan Falkhytten sentrum aust, endring gbnr 13/250 og 13/187 - Melding om planvedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12, har Aukra kommunestyre i møte den 07. september 2023, sak PS-46/23, vedtatt reguleringsplan Falkhytten sentrum aust, endring gbnr 13/250 og 13/187, slik det går fram av vedlagte saksdokument.

Rett til å klage på vedtaket

Du har rett til å klage på vedtaket dersom du er part i saka, eller har rettsleg klageinteresse, jf. plan- og bygningslova § 1-9 og forvaltningslova kapittel VI.

Klagefristen er tre veker rekna frå dagen då brevet om planvedtak kom fram til påført adressat. Det er tilstrekkeleg at klaga er postlagt innan utløpet av fristen.

I klaga skal det gå fram kva vedtak du klagar på, samt den eller dei endringane som er ønska. Du må også grunngje kvifor du klagar, og ta med eventuelle andre opplysningar som kan telje med når klaga vert vurdert. Klaga må være underskriven.

Dersom klaga ikkje vert teken til følge, vil den bli oversendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for endeleg avgjerd.

Krav om erstatning/innløysing

Du må setje fram krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15-3, og innløysing etter § 15-2 i same lov seinast tre år etter denne kunngjeringa, eller seinast tre år etter at eventuelle byggverk er fjerna.

Kontaktinformasjon

Du kan sende klage/krav om erstatning:

  • via eDialog
  • per e-post til post@aukra.kommune.no
  • per brev til Aukra kommune, Eining for tekniske tenester, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra

Saksdokument

Særutskrift (Saksframlegg med vedtak)
Falkhytten sentrum aust, endring gbnr 13/250 og 13/187 - Plankart
Falkhytten sentrum aust, endring gbnr 13/250 og 13/187 - Føresegner
Gjeldande reguleringsplan som vert endra
Lokalisering
ROS-sjekkliste
Innkomne merknader etter høyring og offentleg ettersyn

 

Høyringsperioden er avslutta. Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.

Send skjult innspel

Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.

Dekorativt element