Reguleringsplan Flatvoll, gbnr 13/15 - Høyring og offentleg ettersyn
Frist for merknader: 10. juni 2021
Offentleg høyring
I medhald av plan og bygningslova § 12-10 og 12-11, har drift- og arealutvalet i møte den 23. april 2021, sak 3/21, vedteke å leggje reguleringsplan Flatvoll, gbnr 13/15 ut til høyring og offentleg ettersyn. Reguleringsplanen vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i seks (6) veker, i perioden 26.04.2021 – 10.06.2021
Merknader til planforslaget
- Merknader til planforslaget skal sendast til kommunen innan 10. Juni 2021, og vi ber om at de nytter funksjonen «Send ein uttale til planen».
- Det er og mogleg å laste opp relevante vedlegg.
- Saksdokumenta finn du nedst i denne artikkelen.
Saksdokument
Høyringsperioden er avslutta., Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.
Uttale til saka
Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.
Fra Edvard Nautnes,eier av gbnr 13/48:
Edvard NautnesJeg er nabo til Flatvoll gbnr 13/15 og har følgende kommentarer til reguleringsplanen:
1. Gjennom gbnr 13/15 går det en gårdsvei som i dag blir benyttet til privat bruk og jordbruksformål. Det forutsettes at utbyggingen av Flatvoll ikke blir til hinder for dagens bruk av gårdsvegen.
2. I grensen mellom gbnr 13/15 og gbnr 13/48 går det en åpen kanal som tjener som avløp for grøfter på gbnr 13/48. Det forutsettes at utbyggingen av Flatvoll ikke medfører at denne kanalen blir lagt i rør, men blir værende åpen som i dag.
Dette er rettigheter som jeg vil skal tinglyses som rettigheter på gbnr 13/48 og bekostes av utbygger av Flatvoll.
Aukra, 3. juni 2021
Edvard Nautnes
Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?
Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under