Tilbake til aukra.kommune.no

Reguleringsplan gang og sykkelveg Smågetoppen - melding om oppstart

Frist for merknadar: 1. juli 2022

Oppstartsmelding

I medhald av plan- og bygningslova § 12-3 og 12-8, samt Aukra kommune sitt delegeringsreglement punkt 18.1, varslar Aukra kommune at det vert starta opp arbeid med reguleringsplan for gang og sykkelveg Smågetoppen.

Om planarbeidet

Hensikta med planarbeidet er å leggje til rette for etablering av gang og sykkelveg med tilhøyrande anlegg langs delar av fylkesveg 531 (Smågevegen) på Gossen i Aukra kommune, slik det går fram av vedlagte kart som viser lokalisering og planavgrensing.

Konsulentselskapet Sweco AS har bistått kommunen med vurderingar knytt til traséval, og gang og sykkelvegen er vurdert lagt på sørsida av fylkesvegen med fylgjande grunngjeving:

  1. Fleire av bustadane på nordsida av fylkesvegen ligg nært vegen og har små hagar, og dersom gang og sykkelvegen vert lagt til denne sida vil det det medføre store inngrep på allereie begrensa areal. På sørsida av vegen ligg bustadane lengre unna vegen, og det er derfor ikkje like inngripande å etablere gang og sykkelvegen på denne sida.
     
  2. Det er fleire tilkomstvegar på nordsida av fylkesvegen som er bratte, og med etablering av gang og sykkelveg på denne sida vil dei verte enda brattare.
     
  3. Terrenget i vestre del av planområdet er bratt med fjellskjæring mot nord og hellande skråning/fylling mot sør. På toppen av fjellskjeringa er det også etablert fleire bustadar. Dersom ein skulle ha etablert gang og sykkelvegen på denne sida av fylkesvegen må ein anten skjære seg lengre inn i fjellet og då truleg innløyse bustadar, eventuelt legge om fylkesvegen slik at det vert  plass til gang og sykkelveg utan å måtte skjære seg inn i fjellet.
     
  4. Ved å leggje gang og sykkelvegen på sørsida av vegen kan denne leggjast lavare i terrenget enn fylkesvegen, og på den måten unngå å gå inn  i eksisterande  skjæring/fylling, og dermed redusere fyllingsbehovet vesentleg.

Skisser som viser forslag til løysing blei sendt til Møre og Romsdal fylkeskommune som vegeigar til vurdering , og den 25. november 2021 hadde representantar for kommunen, Sweco og Møre og Romsdal fylkeskommune ei felles synfaring i det aktuelle området. Den 1. desember 2021 fekk kommunen tilbakemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune der dei aksepterte den framlagde løysinga, med tilråding om utarbeiding av reguleringsplan.

Gang og sykkelvegen er vist i kommuneplanen sin arealdel 2016-2028 og planforslaget vil derfor være i samsvar med overordna plan (traseen er flytta lengre mot nord, og går parallellt med eksiterande veg). Det er ingen andre gjeldande reguleringsplanar innanfor planområdet. Kommunen sin sakshandsamar har undersøkt §§ 6, 7, 8 og 10 i forskrift om konsekvensvurderingar, men finn ikkje at det vert løyst ut slikt krav. Planforslaget vert utarbeidd som ei detaljregulering med melding om oppstart og deretter høyring og offentleg ettersyn i minimun seks (6) veker etter krava i plan og bygningslova.

Merknadar til planarbeidet

  • Merknadar til planarbeidet skal sendast til kommunen innan 1. juli 2022 (utvida frist grunna ferieavvikling), og vi ber om at du nyttar funksjonen «send ein uttale til planen». 
  • Det er òg mogleg å laste opp relevante vedlegg.
  • Saksdokumenta finn du nedst i denne artikkelen.

Saksdokument

Lokalisering
Planavgrensing
Vurdering av trasé for gang- og sykkelveg (Sweco)
Skisser - første utkast datert 27. oktober 2021 (Sweco)
Skisser - revidert 25. februar 2022 (Sweco)
Utsnitt av kommuneplanens arealdel 2016-2028

 

Uttale til saka

Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.

  • Tilbakemelding frå Stein Arild Småge og Anne Tangen Småge.

    Vi ser positivt på planen, og ser frem til at gangvegen blir bygget.

    Vi har noen synspunkter:

    1. Bredden på Fv 531 som ligger ved løa til Håkon og Hanne Katrine Småge bør utvides. Tyngre kjøretøy kan ha vanskeligheter å passere hverandre sånn det er i dag.

    2. Avkjørsel fra Smågetoppen, Anne Tangen Småge / Ingunn Hjelmås bør vurderes å samles i en felles avkjørsel.

    3. Oppgrader gangsti som går fra avkjørselen til Anne Tangen Småge og Ingunn Hjelmås, og mot toppen av bakken (Fv 6046). Denne var laget for ca 15-20 år siden, og hadde til hensikt at skolebarn skulle krysse veien på toppen av bakken.

    4. Senke nivå på plen som går mot Fv 6046, sånn at det blir lettere vedlikehold med plenklipper etc.

    2022-06-12 12:32:10
    [Svar]  Link
Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?

Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under

Send skjult innspel

Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.

Smågetoppen - oppstartsmelding