Tilbake til aukra.kommune.no

Reguleringsplan Gossen motorsenter - melding om oppstart

Frist for merknader: 26. august 2020

Oppstartsmelding

I medhald av plan- og bygningslova § 12-3 og 12-8, og kommunen sitt delegeringsreglement punkt 18.1, varslar Aukra kommune at det blir starta arbeid med reguleringsplan for Gossen motorsenter. Planforslaget skal utarbeidast som ei detaljregulering, og det er krav om konsekvensvurdering etter plan- og bygningslova § 4-2, og forskrift om konsekvensutredninger § 8a, og vedlegg II, punkt 11 a. Oppstartmøte vart halde på kommunehuset 22. juni 2020, jf. vedlegg.

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for motorsport med tilhøyrande funksjonar på eigedomane 8/35 og 8/65 ved flyplassen på Gossen, Aukra kommune.
I gjeldande kommuneplan sin arealdel er delar av planområdet avsett til LNF. I tilgjengelege kartdata er areala karakterisert som fyllmasse og open fastmark, og planforslaget kjem ikkje i konflikt med dyrka mark.

Det er to gjeldande reguleringsplanar innanfor planområdet i dag:

  • Rothaugen industriområde
  • Gossen MC-klubb

I det nye planforslaget vil delar av Rothaugen industriområde bli erstatta, medan Gossen MC-klubb vert vidareført og tilpassa ny plan- og bygningslov.

Merknader til planarbeidet

  • Merknader til planarbeidet skal sendast til kommunen innan 26. august 2020, og vi ber om at de nytter funksjonen «Send ein uttale til planen».
  • Det og er muleg å laste opp vedlegg.
  • Saksdokumenta finn du nedst i denne artikkelen.

Saksdokument

Melding om oppstart av planarbeid
Lokalisering
Oversiktskart
Planavgrensing
Referat frå oppstratsmøte 22. juni 2020

 


Høyringsperioden er avslutta., Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.


Uttale til saka

Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.

  • Ber om at vert teke omsyn til at området aust for flyplasstripa er eit tryggingsområde for fly i samband med avgang og landing. Jordvollar, gjerde eller liknande i ei forlengt linje av rullebana må ikkje forekomme.

    2020-07-24 23:40:05
    [Svar]  Link
Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?

Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under

Bilete høyring motorsenter