Reguleringsplan Halingshaughola friluftsområde - melding om oppstart og høyring av planprogram

Frist for merknadar: 13. mars 2019

Oppstartsmelding

Aukra kommune melder med dette oppstart av Reguleringsplan for Halingshaughola friluftsområde, og høyring av planprogram, i samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-3, 12-8 og 12-9, og kommunen sitt delegeringsreglement punkt 18.1.

Det er ingen gjeldande reguleringsplanar innanfor planområdet. I gjeldande kommuneplan sin arealdel er planområdet avsett til føremåla «LNF» og «Forsvaret».

Føremålet med planen

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for friluftsinteresser knytt til turstiar i området, og sommar- og vinteraktivitetar rundt Halingshaughola. Planområdet dekker for det meste nedslagsfeltet for tjernet, Halingshaughola, rett sør for Halingshaugen på Gossen.

Merknadar til planarbeidet og saksdokument

  • Oppstartsmeldinga med tilhøyrande vedlegg og planprogram finn du nedst i artikkelen.
  • Merknadar til planarbeidet skal sendast kommunen innan 13.03.2019, og vi ber om at du brukar funksjonen "send ein uttale til planen".
Saksdokument
Særutskrift (saksframlegg med vedtak)
Planavgrensing
Planprogram til høyring
Utsnitt av gjeldande kommuneplan, arealdelen

 

Uttale til saka

Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.

Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?

Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under

Send skjult innspel

Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.





Bilete Halingshaughola

Tips ein ven Skriv ut