Tilbake til aukra.kommune.no

Reguleringsplan Hollingen industriområde - melding om oppstart av planarbeid

Frist for merknadar: 9. desember 2018

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8, og kommunen sitt delegeringsreglement punkt 18.1, varslar Aukra kommune at det vert starta arbeid med reguleringsplan for Hollingen industriområde.

Føremålet med reguleringsarbeidet

  • Å leggje til rette for utviding av industriområdet på Hollingen, samt å etablere ny innkøyring som skal være felles for eksisterande og framtidig industriområde, og framtidig bustadområde i nord (Torhaugmyra vest).
  • Å leggje til rette for ei ny trafikal løysing ved Hollingenkrysset, og ny innkøyring til Bunnpris inkludert passeringslomme.
  • Det skal i tillegg gjerast endingar på ein gjeldande reguleringsplan som ligg på delar av Kisi Eiendom AS sitt næringsareal ved Bunnpris, slik at det her kan leggast til rette for eit mobilt bensinstasjonsanlegg.

Gjeldande reguleringsplanar for Hollingen industriområde 1 (vedtatt 21.03.2001) og Hollingen industriområde II (vedtatt 21.06.2006) vert vidareført i det nye planforslaget slik at ein får ein samla plan for området.

Planområdet er i gjeldande kommuneplan sin arealdel avsett til næringsverksemd, og reguleringsplanen vil derfor være i samsvar med overordna planverk.

Saksdokument og frist for merknadar

Du finn alle saksdokument i tabellen nedst i artikkelen. Eventuelle merknadar til oppstartmeldinga skal sendast kommunen innan 09.12.2018, og vi ber om at du nyttar funksjonen «send ein uttale til planen, der det og er høve til å leggje ved relevante vedlegg.

Saksdokument
Gjeldande reguleringsplanar
Planavgrensing
Utsnitt av kommuneplanen sin arealdel

 


Høyringsperioden er avslutta., Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.


Uttale til saka

Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.

Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?

Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under

Bilete Hollingen industriområde