Reguleringsplan Hollingsetervegen - Melding om planvedtak
I medhald av plan og bygningslova § 12-12, har Aukra kommunestyre i møte den 01. oktober 2019, sak 64/19, vedteke reguleringsplan Hollingsetervegen.
Saksdokument
Klage
Du kan klage på vedtaket til fylkesmannen i Møre og Romsdal innan tre veker etter denne kunngjeringa, jf. plan- og bygningslova § 1-9 og forvaltningslova kapittel VI. Klaga skal vere grunngjeven og skal sendast til Aukra kommune, Eining for tekniske tenester, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra.
Krav om erstatning
Du må setje fram krav om erstatting etter plan- og bygningslova § 15-3 og innløysing etter § 15-2 i same lov seinast tre år etter denne kunngjeringa, eller seinast tre år etter at eventuelle byggverk er fjerna.
Du må sende kravet til Aukra kommune, Eining for tekniske tenester, Nyjordvegen 12, 680 Aukra.
Høyringsperioden er avslutta. Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.
Send skjult innspel
Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.