Reguleringsplan Riksfjord skole og idrettsanlegg - 1. offentlege høyring
Frist for merknadar: 7. august 2019
Offentleg høyring i ni veker
I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-10, har drift og arealutvalet i møte den 27. mai 2019, sak 19/19, vedteke å leggje reguleringsplan Riksfjord skole og idrettsanlegg ut til offentleg høyring. Reguleringsplan Riksfjord skole og idrettsanlegg vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i ni veker (utvida med tre veker grunna ferieavvikling), i perioden 03.06.2019 - 07.08.2019.
Merknadar til planen
- Merknader til planforslaget skal sendast kommunen innan 7. august 2019, og vi ber om at du nyttar funksjonen «Send ein uttale til planen»,
- Det er muleg å laste opp vedlegg.
- Saksdokument finn du nedst i artikkelen.
Saksdokument
Særutskrift (saksframlegg med vedtak) |
Føresegner |
Plankart |
Planomtale |
Innkomne merknadar etter melding om oppstart |
Høyringsperioden er avslutta., Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.
Uttale til saka
Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.
Ungdomsrådet sin uttale til høyringa:
Aukra UngdomsrådPositivt at saka har vore tatt opp i elevråda på skolen og på den måten sikre fleire innspel frå barn og unge i plana.
Ungdomsrådet ønskjer at Riksfjord skole vert nytta til aktivitetar inne og ute i bygget. Til dømes trampoline, paintball, lasertag. Lågterskeltilbod til ungdom der ein kan trene styrke og kondisjon. Dette både innandørs (med aldersgrense) og ute i friluft. Området har ei praktisk liggjestad i høve til idrettsanlegg, som og kan nytte eit styrkerom.
Det er ønskeleg å ha ein plass der ungdom kan kjøpe enkel og rask mat, samt kunne treffast.
Vedtak i rådet for likestilling av funksjonshemma i Aukra kommune, sak 19/19:
Rådet for likestilling av funksjonshemma1. Rådet for likestilling av funksjonshemma er positiv til reguleringsplan Riksfjord skole og idrettsanlegg slik den foreligger.
2. Rådet for likestilling av funksjonshemma etterspør sak om gjenbruk/avhending av Riksfjord skole.
Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?
Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under