Tilbake til aukra.kommune.no

Reguleringsplan Småge småbåthavn, endring 05 - melding om oppstart

Frist for merknadar: 14. august 2023

Oppstartsmelding

I medhald av plan- og bygningslova § 12-3 og 12-8, samt Aukra kommune sitt delegeringsreglement punkt 18.10, varslar Aukra kommune at det vert starta opp arbeid med reguleringsplan Småge småbåthavn, endring 05.

Hensikta med planarbeidet

  • Etablere ny molo med lengde på om lag 100 meter.
  • Etablere kaier for servicebåter til oppdrettsanlegg.
  • Utvide naustområde N1.
  • Ein større privat båtplass med framtidig overbygg vert skilt ut fra naustområde N1 og gitt eige føremål.
  • Etablere fleire parkeringsplassar for bilar.
  • Etablere parkering/oppstillingsplass for bobil/campingvogn med moglegheit for tilkobling til landstraum.
  • Etablere lagerbygg/verksted med moglegheit for overnatting i andre etasje (kombinert arealføremål).
  • Vidareføre øvrege arealføremål frå gjeldande reguleringsplan saman med tilhøyrande tekst i reguleringsføresegnene.
  • Oppheve og  erstatte gjeldande reguleringsplan i si heilheit med heimel i plan og bygningslova § 12-14.

Endringane som er tenkt gjennomført er av ein slik karakter at dei ikkje kjem under krava til mindre endringar, saka vert derfor fremja som ei ordinær reguleringsendring med melding om oppstart, og deretter utlegging til høyring og offentleg ettersyn i minimum seks veker etter krava i plan- og bygningslova kapittel 12.

Det vert løyst ut krav til konsekvensutredning etter forskrift om konsekvensutredninger § 8, vedlegg II, punkt 10 k. Det er ikkje krav om planprogram, og konsekvensutredninga vert teken inn som ein del av planomtalen.

Merknadar til oppstartsmeldinga

  • Frist for å kome med merknadar til denne oppstartmeldinga er 14. august 2023, og vi ber om at du nytter funksjonen «Send ein uttale til planen»,
  • Det er òg mogleg å laste opp vedlegg.
  • Saksdokumenta finn du nedst i denne artikkelen.

Saksdokument

Gjeldande reguleringsplan som skal endrast
Lokalisering
Planavgrensing
ROS-sjekkliste
Utsnitt av kommuneplanens arealdel 2016-2028

 


Høyringsperioden er avslutta., Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.


Uttale til saka

Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.

Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?

Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under

Dekorativt element