Reguleringsplan Solem bustadfelt II, endring 03 - Melding om planvedtak
I medhald av plan og bygningslova § 12-12, har Aukra kommunestyre i møte den 8. september 2022, sak PS-44/22, vedteke reguleringsplan Solem bustadfelt II, endring 03 (etablering av mobilmast).
Saksdokument
Klage
Du kan klage på vedtaket innan tre veker etter denne kunngjeringa, jf. plan- og bygningslova § 1-9 og forvaltningslova kapittel VI. Klaga skal vere grunngjeven.
Krav om erstatning
Du må setje fram krav om erstatting etter plan- og bygningslova § 15-3 og innløysing etter § 15-2 i same lov seinast tre år etter denne kunngjeringa, eller seinast tre år etter at eventuelle byggverk er fjerna.
Kontaktinformasjon
Du kan sende klage/krav om erstatning:
- via eDialog
- per e-post til post@aukra.kommune.no
- per brev til Aukra kommune, Eining for tekniske tenester, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
Høyringsperioden er avslutta. Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.
Send skjult innspel
Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.