Tilbake til aukra.kommune.no

Riving av bygg

Søknadsplikt
Riving av bygning, konstruksjon eller anlegg er søknadspliktig og søknaden skal utarbeidast av ein ansvarleg søkjar som skal godkjennast av kommunen.

Kommunen kan avslå søknad om riving inntil det ligg føre ein reguleringsplan for eigedomen. Det kan i tillegg også krevjast igangsetjingsløyve for nytt tiltak før rivingsløyve er gjeve.

Merk at det ved riving (og rehabilitering) av bygningar over 100 m2 skal utarbeidast avfallsplan og miljøsaneringsomtale.

Unnateke søknadsplikt
Byggjesaksforskrifta (SAK10) § 4 nemner ei rekkje tiltak som er unnateke frå søknadsplikt om riving.

Dette inneber for eksempel at riving av ein mindre frittliggjande bygning som ikkje er nytta til busetnad og der verken samla bruksareal eller bygd areal er over 15 m2, er unnateke frå søknadsplikt. Det same er tilfelle ved riving av ikkje-berande vegg innanfor ei branncelle eller eit lydområde.

Det er likevel ein føresetnad at riving eller fjerning ikkje er i strid med andre avgjerder i plan- og bygningslova, medrekna planavgjerder.

Generelt
Søkjaren skal varsle dei som har pengehefte i eigedomen.
Dersom gate eller veggrunn må sperrast eller gravast opp i samband med rivinga, må søkjaren innhente samtykkje til dette frå kommunen og/eller politiet.
Søkjaren må også sørgje for å gi melding til rørde eigarar av kablar, leidningar og røyr slik at forsvarleg sikring, stenging eller fjerning av desse kan gjerast.

Ulemper for omgivnadene
I rivefasen blir ofte omgivnadene påverka negativt i forhold til støy, vibrasjonar, støv, anleggstrafikk osv. Det er viktig at desse ulempene blir reduserte til eit minimum. Kommuneplanen si arealdel stiller derfor krav om at plan for sikring av omgivnadene i byggje- og anleggsfasen skal godkjennast før igangsetjingsløyve vert gjeve.

Dersom støvulemper skal reduseres gjennom vanning i anleggsfasen, ta kontakt med kommunen.