Roktamonumentet
Monument på Rindarøya, til minne om frakteskuta "Rokta" som forliste i 1938. Dette var den første redningsaksjonen vart kringkasta over radio i Noreg. Ved monumentet er det rasteplass og flott havutsikt.
Roktaforliset
Under orkanen natt til søndag 3. april 1938, gjekk D/S Rokta på grunn og sank ved Gallerskjærene utanfor Bjørnsund. Seks av mannskapet på tolv mista livet.
Redninga
Ved redninga deltok mange frå Rindarøy (som da ikkje var landfast) og Aukra. Redningsmannskapet viste eit mot og ein innsatsvilje som har gjort at hendinga har rissa seg inn i kystbefolkninga som bevis på kva for utfordringar folk på havet og på kysten ofte vert stilt overfor. På grunn av veret kunne ikkje redningsmannskapet ta seg fram til «Rokta» og ta ombord dei av mannskapet som var igjen før eitt døgn etter forliset. Redningsaksjonen var den første som blei dekka fortløpande i media med utgangspunkt på Rindarøya. Det er seinare skrive bøker og dikt om hendinga ("Menn frå havet" av Ljone og "Redningsdåden på Hustadvika" av Arnulf Øverland").
Minnesmerket
I 1988, femti år etter forliset, blei det tatt initiativ til å få reist eit verdig monument over redningsdåden i samband med forliset. Monumentet er laga av Nicolaus Widerberg og er plassert på Rindarøya med utsikt til Gallerskjera der forliset fann stad. Avdukinga fann stad 16.juni 1991.