Rullering av kulturminneplan 2020 i Aukra kommune
Frist for merknadar: 15. juni 2020
Om kulturminneplanen
Kulturminneplanen vart vedteken i kommunestyret 13.12.16 og handlingsdelen vart revidert med vedtak 13.12.18.
- Kapittel 1 beskriv kommunen si rike historie gjennom 12 000 år, og korleis spor av historia er å finne over heile kommunen, både fysisk og immaterielt. Desse spora er viktige for identiteten til innbyggjarane og opplevinga av å høyre til.
- Kapittel 2 i planen seier ein del om visjon og mål med kulturminneplanen. Kvifor meinar ein det er viktig å ha ein plan som beskriv kulturminna i kommunen, og kvifor bevare, beskrive og ta vare på kunnskap om kulturminna?
- Handlingsplanen viser dei prioriterte tiltaka for planperioden. Her er dei ulike prosjekt beskrivne. Ein del prosjekt har vist seg å bli meir omfattande enn det vart vurdert, så i handlingsdelen er det også viktig å ha realistiske mål og tidsplaner.
Merknadar til planen
Aukra kommune ber om innspel på alle delar av planen. Det kan vere ting du meiner manglar, må presiserast, eller kanskje viser seg å vere feil. Visjon og delmål treng kanskje justering?
Meld inn dine meiningar og innspel i høyringa, slik at Aukra kommune får ei levande og nyttig kulturminneplan å arbeide etter.
Frist for merknadar
- Merknader skal sendast kommunen innan 15. juni 2020, og vi ber om at du nyttar funksjonen «Send ein uttale til planen»,
- Det er muleg å laste opp vedlegg.
- Saksdokument finn du nedst i artikkelen.
Saksdokument
Kulturminneplan 2017-2020, med vedtatt rullering av handlingsdel den 13. desember 2018
Høyringsperioden er avslutta., Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.
Uttale til saka
Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.
Hørings forslag fra Løvik Kystfort venneforening
Frode BjerkanViser til vedlagt vedlegg over kystfortet
Gravrøystene rundt kystfortet var ikke plass til som vedlegg ,men Berit har også dette kartet
kultur /opplevelse sti ut fra løvikremma til fortet
Vedlegg
Med Hilsen
Frode Bjerkan
Leder Løvik kystfort venneforening
Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?
Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under