Skolehelseteneste
Skolehelsetenesta er eit tilbod til alle barn i grunnskolen. Målet for skolehelsetenesta er å fremje god helse og førebygge sjukdom og skade.
Vaksinasjonsprogram og helseundersøkingar det vert innkalla til: | |
1. klasse | Helseundersøking på helsestasjon med helsesøster og lege for dei som ikkje har hatt dette før skulestart. |
2. klasse | Tilbod av kombinasjonsvaksine mot følgjande sjukdommar: difteri, tetanus, kikhoste og poliomyelitt. |
3. klasse | Helseundersøking og måling av høgde / vekt. |
6. klasse | Tilbod av vaksine mot følgjande sjukdommar: meslingar, kusma og raude hundar (MMR). |
7. klasse | Tilbod om HPV-vaksine (humant papillomavirus). To dosar med minst 6 mnd intervall. |
8. klasse | Helseundersøking og måling av høgde / vekt. |
10. klasse | Tilbod av kombinasjonsvaksine mot følgjande sjukdommar: difteri, stivkrampe, kikhoste og poliomyelitt. |
All vaksinering og helseundersøking er frivillig, men vi anbefaler at alle takkar ja til tilboda. Det vert sendt ut skriftleg informasjon til føresette i forkant av vaksinasjon/undersøking.
Kontaktinformasjon:
Helsesjukepleier Tonje Vikhagen har kontortid måndag - torsdag.
kl. 09.00 – 15.00.
Telefon: 404 48 035