Frist for merknader: 29. oktober 2024
Søknad frå Statens vegvesen om tiltak i sjø ved Julbøen, Nautneset og Sessholmen i Aukra og Molde kommunar - Høyring
Om søknaden
Statens vegvesen, Utbyggingsområde midt søkjer om løyve etter forureiningslova til tiltak i sjø ved Julbøen, Nautneset og Sessholmen i Molde og Aukra kommunar. Søknadsdokumenta finn du lengst ned i denne artikkelen.
Ved Nautneset på Otrøya skal det etablerast ei permanent sjøfylling med permanent kaianlegg på om lag 31 000 am3 massar og mudrast og dumpast 13 000 am3. Ved Julbøen skal det etablerast ei mellombels sjøfylling med mellombels kaianlegg på 24 000 m3 og mudrast 100 m3 massar. Massane kjem frå vegprosjekt med ny E39. Det søkjast òg om å dumpe 24 250 m3 reine muddermassar frå Grandfjæra vest og Vik sør for Sessholmen på nordsida av Gossen.
Merknader til planforslaget
- Merknader til planforslaget sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller per e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no innan 29. oktober 2024
- Saksdokumenta finn du nedst i denne artikkelen
Høyringsperioden er avslutta., Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.
Høyringsperioden er avslutta. Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.