Søknad frå Statens vegvesen om tiltak i sjø ved Storhaugsundet og Flatholmsundet i Aukra og Molde kommunar - Høyring
Om søknaden
Statens vegvesen, Utbyggingsområde midt søkjer om løyve etter forureiningslova til tiltak i sjø ved Storhaugsundet og Flatholmsundet i Molde og Aukra kommunar. Søknadsdokumenta finn du lengst ned i denne artikkelen.
Det skal bli etablert permanent fylling i sjø med mellombels kaianlegg på om lag 1,1 millionar m3 massar ved Storhaugsundet. Det skal òg bli etablert fire permanente sjøfyllingar på til saman om lag 1,4 millionar m3 massar ved Flatholmsundet. Tiltaka er eit ledd i etableringa av fastlandstilknyting mellom Otrøya og Gossen, med massar frå vegprosjektet med ny E39 i regionen.
Merknader til planforslaget
- Merknader til planforslaget sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller per e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no innan 25. september 2024
- Saksdokumenta finn du nedst i denne artikkelen
Saksdokument
Setninga Høyringsperioden er avslutta, det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen kan du sjå bort i frå - du kan sende ditt innspel til Statsforvaltaren til og med 25. september 2024.
Høyringsperioden er avslutta. Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.
Send skjult innspel
Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.