Tilbake til aukra.kommune.no
17. mai på Soltun

Statusoppdatering prosjekt Kulturhus og basseng per 1. september 2019

Tilboda

Entreprenørane leverte sine forslag til løysing inkludert pris, 16. mai 2019. Ingen av tilboda vart avvist, men prisane var ikkje innanfor gjeldande løyve. Dette vart formannskapet orientert om i juni 2019.

Forhandlingsmøte

I forhandlingsmøte med entreprenørane medio juni 2019 fekk dei tilbakemelding på sine forslag, inkludert at prisen ikkje var innanfor vedtatt ramme. Revidert arealprogram er no utarbeidd av prosjektleiinga i nært samarbeid med brukarkoordinator, for å kunne redusere kostnaden. Programmet er tatt ned ca. 400 m2 BRA (bruksareal) der mange rom er tatt ned i areal og nokre rom er tatt heilt ut, mellom anna ein eigen danse- og aktivitetssal. Konsekvensen vil vere endå meir sambruk av romma i huset. Det er også auka areal for nokre funksjonar, som t.d. foajé, som var programmert med for knapt areal.

Revidering av tilboda

Leverandørane står no fritt til å endre sine forslag til løysing når dei no har høve til å levere eit forbetra tilbod, sidan dette er ein konkurranse med forhandlingar. Ny innleveringsfrist er sett til tysdag 3. september 2019.

Vegen vidare

Politisk sak i kommunestyret er planlagt i oktober. Evalueringa må da vere ferdig før sak til formannskapet sendast ut. Signering av kontrakt blir tidlegast medio oktober.

Revidert program - brukargruppene

Revidert program er ikkje tatt opp med alle brukarane enno. Dette vil bli gjort i evaluering av endeleg tilbod, og i samspelsfasen, før endeleg godkjenning av prosjektet i kommunestyret, planlagt første halvdel av 2020.