Tilbake til aukra.kommune.no

Symjebasseng, brønn el.

Dersom du ønskjer permanent basseng, må du ta kontakt med eit profesjonelt føretak som kan stå ansvarleg for bygging av bassenget ditt og sende søknad om dette til kommunen.

Dette kan du gjere utan søknad
Mellombels basseng som er mindre enn 20 cm høgt og under 15 m2, plasserte oppå terreng.
Hugs at bassenget må sikrast.

Sikring
Basseng, brønn, dam o.l. skal til ein kvar tid vere sikra og utforma slik at personar blir hindra frå å falle i dei, jf. plan- og bygningslova § 28-6. Dette er grunneigar sitt ansvar.

Overdekking eller overbygging
Overdekking eller overbygging av basseng, brønn eller open behaldar for væske må vere laga av solid materiale og vere godt festa til forsvarleg fundament. Dersom trevirke blir nytta til overdekking, må dekket vere utført av plankar som toler hendeleg belastning, f.eks. barn sin leik.

Har overdekkinga eller overbygginga lokk (dør), må dette vere laga av solid materiale og vere forsynt med forsvarleg lås eller anna stengsel, slik at det ikkje lett kan lyftast av eller skuvast til side.

Gjerde rundt basseng
Gjerde rundt basseng, brønn eller open behaldar for væske bør gå heilt ned til marken, vere minst 1,50 m. høgt og ha solid fundament.

Port eller grind
Port eller grind bør ha solid lås. Gjerde med port eller grind, må vere laga av solid materiale og vere så tett at barn ikkje kan kome gjennom det.

Sikringa må vedlikehaldast
Overdekking, overbygging, lokk, lås og gjerde med port eller grind må haldast i forsvarleg stand.