Utbyggingsavtale for Falkhyttrøra mellom Aukra kommune og Byggmester Finn Løvik - Høyring
Frist for merknader er 22. juni 2023
Offentleg høyring
I medhald av prinsippvedtaket av Aukra formannskap 28. august 2014, sak 82/14, heimla i plan- og bygningslova § 17-2, legg Aukra kommune Utbyggingsavtale Falkhyttrøra mellom Aukra kommune og Byggmester Finn Løvik ut til offentleg høyring i 30 dagar. Høyringsfrist er 22. juni 2023.
Kommunal reguleringsplan Falkhytten sentrum aust vart vedteken av kommunestyre i sak 48/17 den 20. juni 2017. Planen erstatta privat reguleringsplan Falkhytten-Varhaugvik vedteke i k-sak 034/97 den 11. februar 1997. Med vedtaket vart den private reguleringsplanen innlemma i den kommunale, men tomtene, friareal og vegar vart framleis private. Føremålet med utbyggingsavtalen er å sikre kommersielle tiløve, kvalitet, utforming og utføring slik at Aukra kommune kan overta drifts- og vedlikehaldsansvaret for infrastruktur tilhøyrande bustadfeltet ved utlevering frå utbyggar.
Høyringssvar
- Merknader til planforslaget skal sendast til kommunen innan 22. juni 2023, og vi ber om at de nytter funksjonen «Send ein uttale til planen»,
- Det er òg mogleg til å laste opp vedlegg.
- Saksdokumenta finn du nedst i denne artikkelen.
Saksdokument
Signert utbyggingsavtale mellom Aukra kommune og Byggmester Finn Løvik |
Plankart for Falkhytten aust |
Høyringsperioden er avslutta., Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.
Uttale til saka
Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.
Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?
Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under