Tilbake til aukra.kommune.no

Barne- og ungdomsplan 2021-2030

Vedteke i K-sak 66/21 den 18. november 2021

Om planen

Barn og unge er ein stor del av kommunen si befolkning og alle dei kommunale tenestene har direkte eller indirekte innverknad og rolle for deira oppvekstvilkår. Dette er den første planen for barn og unge i Aukra. Planen gjeld barn og unge busett i Aukra kommune i aldersgruppa 0-23 år. Føremålet med arbeidet er å lage ein heilskapeleg strategiplan for barn og unge, med fokus på samhandling, førebygging og tidleg innsats. Planen skal innehalde forslag til tiltak dei første åra, og det skal vere grunnlag for årlege handlingsplanar.

Innhaldet i planen

  • Verdiplattform
  • Rammeverk
  • Kartlegging av situasjonen no og utfordringar ein ser
  • Satsingsområde framover
  • Forslag til tiltak

Planen gjeld for perioden 2021-2030. Handlingsdelen vert evaluert og rullert årleg som ein del av budsjettprosessen.

Dokument

Barne- og ungdomsplan 2021-2030

Høyringsperioden er avslutta. Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.

Send skjult innspel

Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.

Bilete barne- og ungsdomsplan