Bustadpolitisk plan
Vedteke i K-sak 66/24 den 12. september 2024.
Om planen
Bustadpolitisk plan for Aukra kommune er eit strategisk plandokument for den generelle og den sosiale bustadpolitikken.
Å ha ein god bustad og bu i eit trygt miljø er viktig for alle, uavhengig av livsfase. Bustad er eit grunnleggande velferdsgode, og eit viktig utgangspunkt for trivsel, inkludering og det å høyra til. Ein god bustad gir moglegheiter for å delta aktivt i arbeidsliv, ta utdanning og vere sosial.
Utgangpunktet for utarbeiding av bustadpolitisk plan for Aukra kommune kan omtalast kort med følgjande utfordringar:
- Eit todelt bustadmarknad med låg nybygging og omsetnad av bustader på Gossen og relativ stor aktivitet og mangel på attraktive tomter i Julsundet
- Marknadsverdien på bustader i særleg grad på Gossen er lågare enn byggekostnader
- Få egna utleigebustader til ordinær leie
- Høge prisar/kostnadsnivå
- Eldre må ta ansvar for eigen busituasjon
- For liten rotasjon i både einebustad og leigemarknaden
- Sørge for nok bustader til ulike grupper vanskelegstilte
Høyringsperioden er avslutta. Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.
Send skjult innspel
Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.