Tilbake til aukra.kommune.no
Frist for merknader: 18. oktober 2024

Detaljregulering for Småsundet småbåtlag - Melding om oppstart

Oppstartsmelding

I henhold til plan- og bygningslova § 12-8 varslar Arkitektene bbw AS om oppstart av detaljregulering for Småsundet småbåtlag på Gossen i Aukra kommune.

Planområdet omfattar eksisterande småbåthamn, samt eigedommen gnr. 2, bnr. 78 og delar av gnr. 2, bnr. 11 og gnr. 3 bnr. 1-6.

Føremålet med planarbeidet

Føremålet med planarbeidet er å sikre ein heilheitleg utvikling av småbåthamna, med rammer for vidare utbygging og kva for funksjonar som skal bli etablert.

Merknader til planforslaget

  • Merknader til planforslaget sendast til Arkitektene bbw AS, Fabrikkvegen 13, 6415 Molde eller e-post post@bbw.no
  • Kopi sendast til Aukra kommune, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra eller e-post post@aukra.kommune.no
  • Frist for merknader er 18. oktober 2024
  • Saksdokumenta finn du nedst i denne artikkelen

Saksdokument

Anna relevant planverk

Informasjon

Nedst i denne artikkelen finn du ei setning om at høyringsperioden er avslutta. Setninga har tekniske årsaker og du kan sjå bort i frå denne. Høyringsfristen er 18. oktober 2024 og du kan sende ditt innspel til og med denne datoen.

Høyringsperioden er avslutta. Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.

Send skjult innspel

Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.

Dekorativt element