Frist for merknadar: 31. august 2026
Detaljregulering sambrukshus Julsundet - Melding om oppstart
Melding om planoppstart
Med heimel i plan- og bygningslova § 12-3 og 12-8, samt Aukra kommune sitt delegeringsreglement, vert det varsla oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for sambrukshus Julsundet.
Hensikta med planarbeidet
- Hovudhensikta med planarbeidet er å leggje til rette for etablering av eit sambrukshus med tilhøyrande funksjonar på Hollingen i Julsundet, Aukra kommune.
- Sambrukshuset skal være eit fleirfunksjonelt bygg med tilhøyrande uteområde som skal kunne tene fleire brukargrupper, og innehalde funksjonar knytt til mellom anna barn og unge, lag og foreiningar, organisert- og eigeorganisert idrett, kultur og fritidsaktivitetar, møte og forsamlingsfunksjonar, samt publikumsretta aktivitetar og arrangement.
- Planområdet er utvida til å omfatte det eksisterande butikkområdet på Hollingen slik at ein kan sjå dei to bygga i samanheng med omsyn til parkering, vegsystem, løysingar for gåande og syklande, kollektivtrafikk, tilkomst mellom bygga, torgfunksjoanar, teknisk infrastruktur, overvannshandtering mv.
- Planområdet er vidare utvida til å omfatte areal ved Breiløkvegen, då det her skal vurderast løysingar for betre trafikkavvikling/trafikktryggleik, som til dømes kombinert forbikøyringslomme og busstopp.
- Planforslaget vil bli utarbeidd som ei offentleg detaljregulering, og det er ikkje krav om oppstartmøte, jf. plan og bygningslova § 12-3 og 12-8.
Nærmare om planområdet
- Planområdet ligg på Hollingen i Julsundet, Aukra kommune, slik det går fram av vedlegga «lokalisering» og «planavgrensing». Planavgrensinga er kun retningsgivande, og storleiken på planområdet kan verte justert i det vidare planarbeidet basert på innkomne merknadar, og gjennom dialog med berørte grunneigarar.
- Lokalisering av sambrukshuset er basert på tilrådingar i ein moglegheitsstudie utarbeidd av 3RW Arkitekter i november 2025. Studien vurderte ulike alternativ, og konkluderte med at Hollingen framstår som den mest føremålstenlege lokaliseringa ut frå funksjonelle, samfunnsmessige og arealplanfaglege omsyn.
Merknader til planforslaget
- Merknader til planforslaget skal sendast til kommunen innan 31. august 2026, og vi ber om at de nyttar funksjonen «Send ein uttale til planen»
- Det er òg mogleg å laste opp vedlegg
- Saksdokumenta finn du nedst i denne artikkelen
Saksdokument
- Gjeldande reguleringsplanar som vert endra
- Utsnitt av kommuneplanen sin arealdel 2016-2028
- Planavgrensing
- Lokalisering
Andre relevante opplsyningar
- Planområdet grensar til fylkesveg 662 i sør og aust, og til kommuneveg i nord og vest.
- Fartsgrensa på fylkesvegen i sør og aust er 70 km/t. ÅDT på fylkesvegen i sør er 2850 med 6 % andel lange køyretøy, og ÅDT på fylkesveg 662 i aust er 1800 med andel lange køyretøy på 10 %.
- Fartsgrensa på dei kommunale vegene i nord og vest er 50 km/t. ÅDT er ikkje kjent.
- Det er ein eksisterande gang og sykkelveg langs fylkesvegen i sør, og delvis langs fylkesvegen i aust (frå krysset og til innkøyringa til det eksisterande butikkområdet).
- Ved oppslag i relevante kjelder er det ikkje funne opplysningar som tilseier at planarbeidet vil kome i konflikt med artar, naturtyper eller andre naturverdiar etter naturmangfaldlova.
- Ved oppslag i relevante kjelder er det ikkje funne opplysningar som tilseier at planarbeidet vil kome i konflikt med lokale, regionale eller statlege friluftsinteresser.
- Ved oppslag i relevante kjelder er det ikkje funne opplysningar som tilseier at planarbeidet vil kome i konflikt med automatisk freda eller nyare tids kulturminne.
- Det planlagde utbyggingsområdet ligg under marin grense, og lausmassene innanfor planområdet er i hovudsak marin strandavsetning og hav-, fjord- og strandavsetning.
- Delar av planområdet som er aktuelle for etablering av sambrukshus med tilhøyrande funksjonar er i arealressurskart karakterisert som fulldyrka jord (AR5, om lag 7 dekar).
- Omdisponering av dyrkajord skal vurderast i tråd med nasjonale og regionale jordvernmål, men samstundes er sambrukshuset planlagt som eit viktig offentleg anlegg for lokalsamfunnet på Hollingen og i Julsundet, med funksjonar knytt til barn og unge, kultur, frivilligheit, idrett og andre publikumsretta aktivitetar. Tiltaket er vurdert å ha stor samfunnsmessig nytte gjennom å leggje til rette for sambruk, møteplassar og tenestetilbod for innbyggjarane. På bakgrunn av dette er det ei førebels vurdering at den samfunnsnyttige verdien av tiltaket vil vere større enn dei ulempene det medfører for dyrkajorda. Det vil gjennom planprosessen bli arbeidd for å avgrense inngrepa i dyrkajorda så langt som mogleg for å sikre ei arealeffektiv utbygging.
Gjeldande planstatus, behov for konsekvensvurdering
- Planområdet vert omfatta av kommuneplanen sin arealdel 2016-2028, der arealet som er aktuelt for etablering av sambrukshus er avsett til arealføremålet «sentrumsformål – framtidig (S1)». Det er restar av ein gjeldande reguleringsplan på delar av dette området som ikkje er heilt i samsvar med arealføremålet i kommuneplanens arealdel, dette gjeld: reguleringsplan Hollingen – endring 01, planid 198001, vedteken 10.11.1980. Etter plan- og bygningslova gjeld kommuneplanen sitt arealføremål framfor eldre reguleringsplanar der det er motstrid mellom planane.
- Planområdet grensar i nord til reguleringsplan Hollingen – endring 02, planid 198601, vedteken 03.04.1986. Det kombinerte reguleringsføremålet som omfattar eksisterande butikkområde, samt grøntområdet mot fylkesveg 662 i aust vert vidareført i ny plan.
- Planområdet grensar i sør til reguleringsplan gang og sykkelveg Hollingen – Gjendem, planid 200505, vedteken 15.06.2005. Den delen av gang og sykkelvegen som ligg innanfor planavgrensinga til ny plan vert vidareført.
- Planområdet grensar i nord-vest til reguleringsplan Hollingsholmen fergekai, planid 200408, vedteken 31.03.2002. Den delen av planen som ligg innafor planavgrensinga til ny plan vert vidareført.
- Gjeldande reguleringsplanar som ligg innanfor planavgrensinga til ny plan vil verte oppheva og erstatta med heimel i plan og bygningslova § 12-14.
- Kommunen sin sakshandsamar har undersøkt §§ 6, 7, 8 og 10 i forskrift om konsekvensvurderingar, men finn ikkje at det vert løyst ut slikt krav. Dette vert begrunna med at planforslaget i hovudsak følgjer opp arealbruk avklart gjennom kommuneplanen sin arealdel 2016-2028.
- Komplett ROS-analyse vert vedlagt planforslaget når det skal til høyring og offentleg ettersyn.
Den kommunale planprosessen
Ei offentleg detaljregulering fylgjer krava til kommunale planprosessar slik det går fram av plan- og bygningslova kapittel 12. Planprosessen består av fleire fasar der det vert opna for å kome med innspel til planarbeidet:
- Melding om oppstart i detaljreguleringar er delegert til administrasjonen, og vert ikkje behandla politisk. Oppstartmeldinga vert annonsert gjennom brev til berørte partar, gjennom annonse i avisa, og ved utlegging på kommunens heimesider og sosiale media.
- Når kommunen har bearbeidd innkomne merknadar etter oppstart vil det bli utarbeidd eit komplett planforslag til politisk handsaming i planutvalet. Deretter leggjast planforslaget ut til høyring og offentleg ettersyn gjennom brev til berørte partar, gjennom annonse i avisa, og ved utlegging på kommunens heimesider og sosiale media.
- Når planforslaget har vore til høyring og offentleg ettersyn vert det gjort naudsynte endringar i plandokumenta basert på dei innkomne merknadane. Deretter skal saka på nytt til handsaming i planutvalet, og så til kommunestyret for endeleg vedtak.
- Ei vedteken detaljregulering er eit enkeltvedtak, og kan påklagast etter reglane i forvaltningslova kapittel VI.

Uttale til saka
Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.
Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?
Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under
Send skjult innspel
Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.